Julehilsen fra komiteen for internasjonalisering i Egge Rotaryklubb

For omtrent eit år sidan sende eg ut dette kortet digitalt til dei internasjonale kontaktane mine. Omtrent på same tid tok vi kvarandre i handa og ønskte god jul og godt nytt år etter eit triveleg julemøte på Tingvold.



Vi fekk ei god jul - dei fleste av oss, men lite ana vi kva det nye året skulle by på.

Ein månad ute i året hørde vi om eit nytt virus i Kina: Korona. No har «koronaen» vorte kåra til årets ord her i landet.
Dette vesle viruset har snudd opp-ned på den verda vi kjende før. I år er det ingen som tek kvarandre i handa om dei kjem med jule- og nyttårsønke.

Rotary er ein internasjonal organisasjon. Det koronaen mellom anna har lært oss, er at vi er ein del av eit globalt samfunn.
Ein vaksine mot koronaen er på tur, men vi er ikkje berre avhengige av USA og EU i den samanhengen, men som utanforland er vi også avhengige av vår gamle unionspartner, Sverige.

Det har vore val i år - presidentval i USA. Vi som er glade i det landet, ser fram til at det ikkje lenger blir berre «America first», men «America first in a democratic world».

Vi må vera optimistar både for jula og det nye året - tenke som rotarianarar på årets motto: «Rotary Connects the World» når vi i år 
seier «God jul og godt nytt år!»

Helsing frå komiteen for internasjonalisering i Egge Rotaryklubb.

Tekst og julekort: Kolbein Dahle


 
Norge i krig

30. januar 2023

Norge i krig

«Ønsker du fred, må du bu deg på krig – holde deg med et nasjonalt forsvar!»

Strømkrisa

30. januar 2023

Strømkrisa

Konserndirektør i NTE, Christian Stav, gjestet Egge Rotary den 19. januar. Han delte historien til NTE inn i fire faser.

Steinkjer Bokhandel v/ Gjertrud Holand

12. januar 2023

Steinkjer Bokhandel v/ Gjertrud Holand

Tradisjonen tro inviterte Gjertrud Holand Rotarymedlemmer med partnere til en gjennomgang av årets bøker, med mulighet for en handel etterpå.

NYE VEIER -STRATEGIER FOR INNHERRED

8. desember 2022

NYE VEIER -STRATEGIER FOR INNHERRED

Prosjektutviklingssjef Arild Mathisen, med røtter fra Jådåren, tok oss med gjennom den relativt korte historien til Nye Veier.

Nytt medlem i klubben

8. desember 2022

Nytt medlem i klubben

I starten av møtet den 1. desember ble Øyvin Bogfjellmo opptatt som medlem og fikk Rotarynålen av president Jens Børøsund. Velkommen i klubben!

NORSKAMERIKANEREN

30. november 2022

NORSKAMERIKANEREN

Vi har fått en norskamerikaner i klubben!
Gjennom snart tohundre år har det stått en spesiell glans av landsmenn med lang tid i Amerika. Kanskje ikke på grunn av gulltenne og dollarbunkene, men på grunn av andre erfaringer.

DET ER GOD FOLKEHELSE I EN ORDNET ØKONOMI

29. november 2022

DET ER GOD FOLKEHELSE I EN ORDNET ØKONOMI

Dette var en foredragstittel som passet bra på forsamlinga. Alle har en ordnet økonomi og i forhod til alderen ganske bra helse!

Å DRIVE TEATERLAG PÅ BYGDA. SPARBU TEATERLAG

29. november 2022

Å DRIVE TEATERLAG PÅ BYGDA. SPARBU TEATERLAG

Sparbu Teaterlag har denne hausten suksess med «Rock of Ages». Det er ikkje akkurat nokon bygdenorsk tittel, men likevel bygdeteater på sitt beste.

Programfritt 27.10.22

7. november 2022

Programfritt 27.10.22

Dei programfrie møta er frie, men ikkje for program. Etter ein runde med klubbsaker, blir det plass til tre 3-minuttar på omlag tre kvarter. Dette blir både eit kjapt referat om innlegga, men også refleksjonar over dei tema som kom opp.

Bedriftsbesøk OEKne A/S

7. november 2022

Bedriftsbesøk OEKne A/S

Odd Haugdal presenterte firmaet Odd Einar Kne for Egge Rotary den 13.10 i frimaets lokaler: