Trøndelag fylkeskommune, ble det som forventet?

Hadde trøndelagsfylka ikkje slått seg saman frivillig, ville det skjedd med tvang. Det ville vore mykje verre - omtrent slik starta Inge Fornes foredraget sitt.


Inge Fornes


Hadde trøndelagsfylka ikkje slått seg saman frivillig, ville det skjedd med tvang. Det ville vore mykje verre - omtrent slik starta Inge Fornes foredraget sitt. 

Gjennom ganske lang tid hadde tankane om samanslåing av desse to fylka vore framme som politisk ide. I god tid før valet til fylkesting i 2019 vart prosessen sett i gang. Det var eit omfattande arbeid både administativt og politisk. Dette skjedde i rett tid, no veit vi at hadde vi ikkje gjort det sjølve, ville det skjedd med tvang.

No er spørsmålet, korleis har det gått?

Dei to fylkeskommunane hadde hatt mykje samarbeid og kjende kvarandre godt, men på ein del vesentlege område var skilnadane store. I nord var NTE eit vesentleg økonomisk element for fylkeskommunen. Inntektene derifrå påverka ein del av tenesteytinga til fylkeskommunen. NTE er overlatt til kommunane. Det fører med seg ny strategi med ny vekst. Det kan vera ei styrking av eigarkapet. 

Nord-Trøndelag var prega av nærleik til folket, Sør-Trøndelag hadde dobbelt så stort folketal som i nord og vart fjernare for dei fleste. Denne skilnaden hadde fyrst og fremst samanheng med storbyen Trondheim som var mykje av grunnen til at kulturen i dei to fylkeskommunane vart forskjellig.

Fylka hadde dessutan forskjellig styringsmodell. I nord var det innført paralmentarisme, i sør held dei på formannskapsmodellen. Etter samanslåinga vart denne modellen vald for det nye fylket. Det var vel nesten nødvendig med den desentraliserte administrasjonsmodellen som vart vald. For den nordlege delen av fylket, og ikkje minst for Steinkjer, var det viktig at så mykje av aktiviteten som muleg kom hit. Modellen vart at den politiske delen av organisasjonen skulle halde til i Trondheim, den administrative i Steinkjer. Ei slik todeling ville vore vanskeleg med ei parlamentarisk løysing. Kva det kan bli til i framtida er avhengig av kva Trondheim vil velja.

Fram mot valet i 2023 kjem det store utskiftingar av politikarar. Mange sentale personar seier frå seg attval. Det har vorte lenger veg til makt og det kan sjå ut til at politikarane står fjernare frå folk flest enn dei gjorde før, i alle fall i vår del av fylket. Elles er det slik at dei fleste ikkje tenkjer så mykje ovrer kva fylkeskommunen steller med og kven som styrer med kva.

Dei vidaregåande skulane er der omtrent som før, men det vil kome endringar fordi det er minkande elevtal.

Fylkeskommunane fekk ikkje alle dei nye oppgåvene dei kunne tenkje seg, men dei har ansvaret for ein svært stor del av vegnettet og ein stor del av kollektivtrafikken. Her er den store forskjellen frå før at også vegadministrasjon og fagmiljøet er overført. Denne oppgåva hadde nesten vore utenkeleg for dei minste fylka. Vi kan undrast på korleis det blir i Finnmark etter delinga. Allle fylka slit med det store etterslepet staten overlet.

Det har vore mykje merksemd kring kollektivtransporten. Det posiive er at dei nye takstsonene har ført til reduserte prisar. At aksjeselskapet AtB har alt ansvaret, er kanskje ikkje den beste løysinga. Det har sett politikarane på sidelina her slik at dei ikkje kan svare for det som ikkje går så bra. Drosjenæringa har store problem i utkantane, det er eit resultat av ei nasjonal ordning som ikkje passar like godt over alt.

Fylkeskommenen er meir enn lovpålagte oppgåver. Der er viktig at folk opplever den utviklingsrolla dette forvaltninsnivået har. Ei større eining kan ha utvida kompetanse som kan utnyttast betre. Fagskulane er eit eksempel på verksemd fåe har kjennskap til, men som er godt tilpassa behovet i næringslivet. Ut over dette er det ikkje dei næringspolitiske forventningane innfridde.

Etter ei prøveordning i Nord-Trøndelag frå tidleg på 1980-talet fekk fylkeskommunen ansvaret for delar av kulturminnevernet som lovpålagt oppgåve. Dette er vidareført med eit større omfang enn før samanslåinga.

Og konklusjonen. Det er ikkje sikkert alt er heilt på plass. Brukar og borgar er ikkje alltid same sak. For brukarane er dette forvaltningsnivået viktig, men borgarane kan likevel stemme med parti som vil fjerne det. 

Trøndelag fylkeskommune er komen for å bli så lenge Stortinget vil ha dette forvaltningsnivået. No kan heller ikkje dei partia i fylket vårt som var imot samanslåinga, tenkje seg å dele opp att fylket.

Tekst og foto: Kolbein Dahle


 
Første møte i Egge Rotary for Rotary-året 2023/2024

29. august 2023

Første møte i Egge Rotary for Rotary-året 2023/2024

Torsdag 24.08 startet Egge Rotary opp sin aktivitet igjen etter en pause i sommerukene.

Presidentskifte

3. juli 2023

Presidentskifte

Rotaryåret begynner 1. juli. Nær opp til denne datoen skjer det formelle prsidentskiftet. Klubben markerer dette med ei feststund, ledet av festkomiteen. Komiteen har kontroll med servering og underholdning, og som regel ordner det seg også med godt vær.

Hilmarfestivalen

14. juni 2023

Hilmarfestivalen

Johan Einar Bjerkem, Hilmarfestival-«generalen», ga oss et innblikk i mangfoldet som stiftelsen Hilmar Alexandersen jobber med da han besøkte Egge Rotary den 8. juni.

Digitalisering som drivkraft

14. juni 2023

Digitalisering som drivkraft

Lars Hovdan Molden fra Nord Universitet var gjest i Egge Rotary den 25.5.23. Presentasjonen hans handlet om digitalisering som drivkraft.

Brannbiler til Ukraina

23. mai 2023

Brannbiler til Ukraina

9. februar i år fikk vi denne orienteringa om prosjektet «Brannbiler til Ukraina». Odd Steinar Rønne og Joakim Sandodden skulle starte på tur til Ukraina neste dag.

Egoforedrag Øyvin Bogfjellmo

5. mai 2023

Egoforedrag Øyvin Bogfjellmo

Den 20. april ble vi litt bedre kjent med vårt nyeste medlem da Øyvin Bogfjellmo holdt egoforedrag. Han er født i Mosjøen i 1949 som eldst av 5 søsken og vokste opp på Trofors.

Eldre, teknologi og helse

19. april 2023

Eldre, teknologi og helse

Den 13. april gjestet prosjektleder for velferdsteknologi i Pensjonistforbundet, Anne-Kari Minsaas, Egge Rotary.

Guvernørbesøk

19. april 2023

Guvernørbesøk

Trygve Roaldset fra Surnadal er årets guvernør i distrikt 2275. Den 23.3.23 var han på besøk i Egge rotaryklubb.
Et bildet fra heimbygda var en fin introduksjon til noen av de utfordringene vi har både lokalt og globalt.

Krig i Europa – utfordring for Norge

24. mars 2023

Krig i Europa – utfordring for Norge

Forvarsminister Bjørn Arild Gram
Gram orienterte engasjert og med innlevelse om den dagsaktuelle situasjonen i Europa etter Russland sitt angrep på Ukraina i februar 2022:

Bedriftsbesøk hos Felleskjøpet

7. mars 2023

Bedriftsbesøk hos Felleskjøpet

Den 23. februar var vi på besøk hos Felleskjøpet på Steinkjer. Organisasjonssjef Kristin Wibe og fabrikksjef Arild Thomassen tok vel imot oss og serverte kaffe og vafler.