Jan Idar Kjøren: Eit rikt liv - egoforedrag

Eit nytt medlem i ein Rotaryklubb blir etter ei tid oppfordra til å bruke eit møte til å fortelja om seg sjølv, halde eit egoforedrag.Det hender også at dei eldre medlemmane får den sjansen slik at dei nye kan få betre kjennskap til dei som har vore med ei tid.





Kameratskap er ein viktig del av aktiviteten i klubben. Det gjer det trivelegare på møta og styrker identiteten i klubben. Når det blir referert på nettsida i klubben, blir det naturleg nok knappare og mindre personleg, men kanskje meir poengtert.

 Jan Idar, til vanleg berre Jan, i skrift Jan I. Kjøren, er 1949-modell og ikkje den som endrar aldersprofilen i klubben, som han sjølv sa.

Guten er frå Sparbu, namnet frå Orkland. Det vart ein typisk bygdeoppvekst, krinsdelinga gjorde at skulevegen vart 5 km - langt for stutte føter, men frå 5 klasse vart det skulebuss. Etter folkeskulen vart det framhaldsskule på Mære, realskule og handelsskule.

 Dei fleste bygdeungane i denne tida var medlem i 4H. Her var den årlege oppgåva den vesentlegaste delen av arbeidet i klubben. Det var praktisk prosjektretta læring.

 Vegen vidare starta som flisgut i vegvesenet før vegen gjekk til ingeniørutdanning i Trondheim. Etterpå viste han forretningstalentet sitt ved å gifte seg med si Bodil frå Levanger før han skulle møte til militærteneste på Trandum. Der fann dei ikkje føtene gode nok - neste dag var han i arbeid i vegvesenet!

 Seinare har han hatt nesten hatt som eit prinsipp at han ikkje skulle halde på det same arbeidet meir enn eit tiårs tid. Dette har vore ein effektiv måte å utvide kompetanse på når det vart kombinert med opplæring og sertifisering.

 Karriæra har ermed vore uvanleg skiftande. Vegvesen, Linjegods og helse. Som 70 vart det nedtrapping. Frå jobb i helse, blir trening og helse prioritert. Då er det fordel å ha tilgang til hytte ved fjorden og leilegheit i Duved.

 Gjennom eit langt arbeidsliv vil det vera mangt å minnast, småartige episoder. Han var sikker på at han hadde æra eller skulda for at Per Sandberg gjekk inn i Frp. Det handla om at han som saksbehandlar i Vegvesenet mått nekte slik impåkjøring som søkjaren ville ha!

 Og konklusjonen: Eit rikt liv.

Tekst og foto: Kolbein Dahle


 
Første møte i Egge Rotary for Rotary-året 2023/2024

29. august 2023

Første møte i Egge Rotary for Rotary-året 2023/2024

Torsdag 24.08 startet Egge Rotary opp sin aktivitet igjen etter en pause i sommerukene.

Presidentskifte

3. juli 2023

Presidentskifte

Rotaryåret begynner 1. juli. Nær opp til denne datoen skjer det formelle prsidentskiftet. Klubben markerer dette med ei feststund, ledet av festkomiteen. Komiteen har kontroll med servering og underholdning, og som regel ordner det seg også med godt vær.

Hilmarfestivalen

14. juni 2023

Hilmarfestivalen

Johan Einar Bjerkem, Hilmarfestival-«generalen», ga oss et innblikk i mangfoldet som stiftelsen Hilmar Alexandersen jobber med da han besøkte Egge Rotary den 8. juni.

Digitalisering som drivkraft

14. juni 2023

Digitalisering som drivkraft

Lars Hovdan Molden fra Nord Universitet var gjest i Egge Rotary den 25.5.23. Presentasjonen hans handlet om digitalisering som drivkraft.

Brannbiler til Ukraina

23. mai 2023

Brannbiler til Ukraina

9. februar i år fikk vi denne orienteringa om prosjektet «Brannbiler til Ukraina». Odd Steinar Rønne og Joakim Sandodden skulle starte på tur til Ukraina neste dag.

Egoforedrag Øyvin Bogfjellmo

5. mai 2023

Egoforedrag Øyvin Bogfjellmo

Den 20. april ble vi litt bedre kjent med vårt nyeste medlem da Øyvin Bogfjellmo holdt egoforedrag. Han er født i Mosjøen i 1949 som eldst av 5 søsken og vokste opp på Trofors.

Eldre, teknologi og helse

19. april 2023

Eldre, teknologi og helse

Den 13. april gjestet prosjektleder for velferdsteknologi i Pensjonistforbundet, Anne-Kari Minsaas, Egge Rotary.

Guvernørbesøk

19. april 2023

Guvernørbesøk

Trygve Roaldset fra Surnadal er årets guvernør i distrikt 2275. Den 23.3.23 var han på besøk i Egge rotaryklubb.
Et bildet fra heimbygda var en fin introduksjon til noen av de utfordringene vi har både lokalt og globalt.

Krig i Europa – utfordring for Norge

24. mars 2023

Krig i Europa – utfordring for Norge

Forvarsminister Bjørn Arild Gram
Gram orienterte engasjert og med innlevelse om den dagsaktuelle situasjonen i Europa etter Russland sitt angrep på Ukraina i februar 2022:

Bedriftsbesøk hos Felleskjøpet

7. mars 2023

Bedriftsbesøk hos Felleskjøpet

Den 23. februar var vi på besøk hos Felleskjøpet på Steinkjer. Organisasjonssjef Kristin Wibe og fabrikksjef Arild Thomassen tok vel imot oss og serverte kaffe og vafler.