Torgeir Havik
var fyrst ute. Han sa det sjølv, mine tema startar alltid
på K, anten KLIMA eller KINA. Denne gongen var det Kina og særleg forholdet til
Taiwan. Torgeir fylgjer godt med på forholda i Kina. Han er gamal Kina-ven og
ganske kritisk til måten USA oppfører seg på i spørsmålet om Tawan. Det er
allment akseptert, også av USA, at øya er ein del av Kina.
Då er det kanskje ikkje rett å annonsere den type forsvar
av dei styrande der. slik vesten gjer. Haldning hans til Kinaspørsmålet kan
oppfordre til diskusjon. Slik vart det også. Det er oppfriskande med medlemmar
som skaper litt temperatur i klubben.
Arne Gunnar Kvaal
grunna på mangt i desse dagar. Med utgangspunkt i krigen i
Ukraina, såg han på dei økonomiske konsekvensane - frå det internasjonale til
det private.
Han konsentrerte seg den nasjonale saka alt handlar om
akkurat no, grunnrente og grunnrenteskatten.
Også dette er eit kontroversielt tema, diskusjonen går
friskt i det offenlege rom, men det skapte ikkje det heilt store engasjementet
i klubben. Så snart vi kom heim, fekk vi ein friskare debatt om dette temaet på
NRK-TV.
Tore Fossum
fortalde om ei svart side i politiets historie. Det er 80
år sidan deportasjonen av dei norske jødane til utryddingsleirane i
Nazi-Tyskland. Etter tysk mønster vart politiet her i landet delt i to den
gongen. Statspolitiet med 350 tilsette og det ordinære politiet. Statspolitiet,
leia av Karl Martinsen var ein reidskap for okkupasjonsmakta og NS.
Det ordinære politiet tok vare på dei vanlege
politioppgåvene. Der fanst det både NS-folk, nøytrale og motstandsfolk.
Heimefronten ordna opp med Martinsen, oppgjeret med dei
fleste politifolk var ikkje like dramatisk som denne likvideringa. Men det var
langt frå enkelt, mange hadde spelt dobbletspel. Historia om Knut Røed er eit
eksempel på dette. Han var fyrst NS medlem, melde seg ut og hevda han gjorde
storverk på andre sida.
For ti år sidan kom orsakinga frå politiet for det som
hende med jødane. Hendingane må heller ikkje gløymast no når det går mot
80-årsmarkering.
Tekst: Kolbein Dahle
18. september 2024
Presidenten, Anne Kristin Hovd ønskte velkommen og anbefalte at vi så/leste månedsbrevet fra distriktsguvernør Aud Schjødt Fredriksen.
13. september 2024
Anne Kristin Hovd tiltrer som president og ble ønsket velkommen
med applaus.
Hun opplyste at hun vil komme med opplysninger om nye planer for året på et senere tidspunkt.
12. september 2024
Sekretæren ønskte velkommen til et nytt Rotary år 2024/2025.
Programmet var ekstraordinært valg, gjennomgang av gruppe inndelinger, eventuelt, gruppene setter seg sammen og lufter tanker om sine oppgaver.
25. juni 2024
Sommeravslutning på Skjelvågen kaii møttes i nydelig vær til sommeravslutning på Skjelvågen kai. President Tor Fossum ønsket velkommen og ba oss opp i 2. etasje på naustet.
20. juni 2024
Presidenten ønskte velkommen og kveldens program var 3 treminuttere.
20. juni 2024
20 Egge Rotary medlemmer ble ønsket velkommen til MM FollaCell ved managing Director Odd Morten Ålberg.
20. juni 2024
10 medlemmer møtte med arbeidslyst og godt humør på en uvanlig varm og fin mandag.
20. juni 2024
Presidenten ønsket velkommen til møte som hadde samlet bare 12 medlemmer.
20. juni 2024
Det møtte 18 medlemmer.
Presidenten ønske velkommen til møtet og kveldens program var 3 stk. som hadde treminuttere.
2. mai 2024
Det møtte 21 medlemmer.
Kveldens program var foredrag om TINE av styreleder Marit Haugen.