Programfritt 29.10.22

Dei programfrie møta i klubben er ikkje heilt programfrie. Det har vorte tradisjon å samle 3-minutt-innlegga til desse møta. No er det ingen som held seg innanfor tre minutt - det har heller vorte slik at det blir plass til 3 på ein time.

Torgeir Havik

var fyrst ute. Han sa det sjølv, mine tema startar alltid på K, anten KLIMA eller KINA. Denne gongen var det Kina og særleg forholdet til Taiwan. Torgeir fylgjer godt med på forholda i Kina. Han er gamal Kina-ven og ganske kritisk til måten USA oppfører seg på i spørsmålet om Tawan. Det er allment akseptert, også av USA, at øya er ein del av Kina.

Då er det kanskje ikkje rett å annonsere den type forsvar av dei styrande der. slik vesten gjer. Haldning hans til Kinaspørsmålet kan oppfordre til diskusjon. Slik vart det også. Det er oppfriskande med medlemmar som skaper litt temperatur i klubben.


Arne Gunnar Kvaal

grunna på mangt i desse dagar. Med utgangspunkt i krigen i Ukraina, såg han på dei økonomiske konsekvensane - frå det internasjonale til det private.

Han konsentrerte seg den nasjonale saka alt handlar om akkurat no, grunnrente og grunnrenteskatten.

Også dette er eit kontroversielt tema, diskusjonen går friskt i det offenlege rom, men det skapte ikkje det heilt store engasjementet i klubben. Så snart vi kom heim, fekk vi ein friskare debatt om dette temaet på NRK-TV.

 

Tore Fossum

fortalde om ei svart side i politiets historie. Det er 80 år sidan deportasjonen av dei norske jødane til utryddingsleirane i Nazi-Tyskland. Etter tysk mønster vart politiet her i landet delt i to den gongen. Statspolitiet med 350 tilsette og det ordinære politiet. Statspolitiet, leia av Karl Martinsen var ein reidskap for okkupasjonsmakta og NS.

Det ordinære politiet tok vare på dei vanlege politioppgåvene. Der fanst det både NS-folk, nøytrale og motstandsfolk.

Heimefronten ordna opp med Martinsen, oppgjeret med dei fleste politifolk var ikkje like dramatisk som denne likvideringa. Men det var langt frå enkelt, mange hadde spelt dobbletspel. Historia om Knut Røed er eit eksempel på dette. Han var fyrst NS medlem, melde seg ut og hevda han gjorde storverk på andre sida.

For ti år sidan kom orsakinga frå politiet for det som hende med jødane. Hendingane må heller ikkje gløymast no når det går mot 80-årsmarkering.


Tekst: Kolbein Dahle


 
Egge Rotary , Møte 25. januar 2024

13. februar 2024

Egge Rotary , Møte 25. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og orienterte om følgende;
Vi hadde fått forespørsel om klubben kunne være fadder for en utvekslingsstudent fra Vadsø. Dette på grunn av at det ikke er noen Rotary klubb der oppe.

Egge Rotary , Møte 18. januar 2024

1. februar 2024

Egge Rotary , Møte 18. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og spesielt kveldens foredragsholder.
Formann i festkomiteen Ivar A. Hegstad orienterte om at årsfesten blir på Egge Museum torsdag 14. mars kl. 18.00

Egge Rotary , Møte 11. januar 2024

12. januar 2024

Egge Rotary , Møte 11. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og orienterte om følgende;
Ragnar Andresen har søkt om permisjon resten av dette Rotaryåret og er innvilget det.

Egge Rotary , Møte 04. januar 2024

9. januar 2024

Egge Rotary , Møte 04. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og Godt Nytt År.

Referat fra Julemøte 14.desember 2023

3. januar 2024

Referat fra Julemøte 14.desember 2023

Bordene var dekket med fine juletallerkner, og det ga er flott inntrykk av at nå er det snart Jul.

Besøk hos Steinkjer bokhandel 7. desember 2023

3. januar 2024

Besøk hos Steinkjer bokhandel 7. desember 2023

Rundt 30 rotaryanere med partnere var samlet i Steinkjer bokhandel hvor Gjertrud Holand orienterte om aktuelle bøker.

REFERAT FRA MØTE 30.11.23

3. januar 2024

REFERAT FRA MØTE 30.11.23

Torsdag 30.11.23 hadde klubben besøk av guvernør Sissel Slettum Bjerke.

EGGE ROTARY, REFERAT FRA MØTE 23.11.23

28. november 2023

EGGE ROTARY, REFERAT FRA MØTE 23.11.23

Presidenten ønskte velkommen til møte.
Presidenten informerte om neste torsdag kommer Guvernør Sissel Slettum Bjerke og nestkommanderende Trond Stenersen.

EGGE ROTARY, MØTE 16. NOVEMBER 2023

23. november 2023

EGGE ROTARY, MØTE 16. NOVEMBER 2023

Presidenten ønskte velkommen og spesielt kveldens foredragsholder.

EGGE ROTARY, MØTE 09. NOVEMBER 2023

23. november 2023

EGGE ROTARY, MØTE 09. NOVEMBER 2023

Forrige års president ønskte velkommen og spesielt til kveldens foredragsholder Håvard Skjellegrind.