Å DRIVE TEATERLAG PÅ BYGDA. SPARBU TEATERLAG

Sparbu Teaterlag har denne hausten suksess med «Rock of Ages». Det er ikkje akkurat nokon bygdenorsk tittel, men likevel bygdeteater på sitt beste. Framfor alt viser det kor langt amatørar i eit bygdesamfunn kan drive det. Det gir seg ikkje sjølv, gjennom hundre år, ja, endå lenger, er det skapt eit teatermiljø i Sparbu. Teaterlaget i Sparbu har fostra fleire dugande skodespelarar og eit unikt teatermiljø.


Andreas Melgård og Lars Daling

 Utan inspirasjon og instruksjon utanfrå og frå professjonelle instruktørar, hadde dei nok ikkje nådd dette nivået. Kunst er talent, men det er også kompetanse og kontakt utover i verda. Det er desse ingrediensane som har skapt teatermiljøet i Sparbu, i mange tilfelle også i kappestrid med liknande akitvitet i Verdal. I denne konkurransen kan vi finne noko av forklaringa på kvifor det er så bra.

 Amatørteater var ein viktig del av den kulturrevolusjonen som var ein del av nasjonsbygging på slutten av 1800-talet. Aktiviteten vart oftast organisert gjennom ungdomslaga som vart tilknytte Noregs Ungdomslag då det vart skipa i 1896. Gjennom eit par generasjonar var «alle» med i ungdomslaget. Det var også nært slektskap til dei frylynte folkehøgskulane og målreisinga, gjerne også til partiet Venstre. Alt saman med bygdaprofil.

 Lokalt kom spellaget Andrimer i 1898 i ungdomslaget som hadde eksistert sidan 1878. Det nynorske språket var i desse åra viktig for aktiviteten.

 Røtene til Sparbu teaterlag låg i ungdomslagsrørsla. Omkring det førre hundreårsskiftet var det fleire ungdomslag i bygda og alle dreiv med amatørteater som ein del av aktiviteten, td. Bagabu. Det ungdomslaga elles satsa tungt på var bygginga av ungdomshus, forsamlingshus for mange aktivitetar, ikkje minst teater, dans og musikk.

 I 1906 kom jarnbanen forbi Sparbu. Rundt stasjonane voks det fram meir urbantemiljø.

Samfunnet endra seg. Med jernbanen voks det fram to stasjonsbyar i kommunen, Sparbu og Mære. Dei fekk kvar sine miljø og kvar sine forsamlingshus som ungdomslaga sto for.

 Det mangla ikkje på oppsettingar og også tillaup til turneteater i åra framover, men likevel kunne det opplevast som ein stagnasjon, kanskje var det heller ikkje muleg å halde akitviteten på eit godt nok nivå både i Sparbu og Mære, dette er ikkje staden for detaljar.

 Det store skiljet kom med skipinga av eit nytt teaterlag i 1921 med Hans Ystgård som formann.

 Frå 1922 satsa laget på professjonell instruktør og vanskelegare stykke. Den første instruktøren var Tora Krogh og stykket Sigurd Braa, eit skodespel i 4 akter av Johan Bojer.

 Utover i mellomkrigsitda kom det mange solide framsyningar, mellom anna «En fallit» av Bjørnstjerne Bjørnson i1932 og to år seinare «Solfrid i Bjørnstu og de 7 svende». Dette populære stykket var skrive av Johan Falkberget og sett opp i Sparbu av dottera hans, Åsta.

 Ei anna tidskille kom i 1945, så debuterte Andreas Hjermstad. I åra framover var det fast premiæredag tredje dag jul. Det var også stor turneaktivitet. Laget prøvde seg på stadig meir krevande stykke, «Spelemann på taket» er eit av dei fremste eksempel på dette.

 Nei, her er ikkje rom for å få med alt Lars Daling og Andreas Melgård kunne rase gjennom på ein knapp time. Til all lykke har Embla Forlag gjeve ut bok om laget. Der står resten av historia. 


Tekst og foto: Kolbein Dahle


 
Referat fra møte i Egge Rotary 8. januar 2026

13. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 8. januar 2026

Anne ønsket velkommen og godt nytt år til 24 medlemmer pluss Tove Lånkan.

Referat fra møte i Egge Rotary 18.12.25

12. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 18.12.25

Anne ønsket DG Frede Jakhelln og kona Vivi velkommen til møtet. 21 medlemmer til stede. Det ble servert kaffe og bløtkake.

Referat fra møte i Egge Rotary 11. desember 2025

12. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 11. desember 2025

Presidenten ønsket velkommen til 21 medlemmer.

Besøk hos Steinkjer Bokhandel 4. desember 2025

12. januar 2026

Besøk hos Steinkjer Bokhandel 4. desember 2025

Gjertrud ønsket oss velkommen og sa hun alltid har syntes det er hyggelig med besøk av oss.

RITEK

12. januar 2026

RITEK

Møtet den 27. november 2025 var på Ritek, Rinnleiret, Levanger. Møtet var sammen med Verdal rotaryklubb.

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

2. desember 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

Presidenten ønsket velkommen til 26 medlemmer og kveldens foredragsholder Steinar Krokstad – professor i sosialmedisin.

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

17. november 2025

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

Hans Kvernland:
Bilfabrikantenes tilbakekallinger

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

17. november 2025

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

Ved ankomst på Telthuset ble vi mottatt av styreformann Tor Borgan

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

5. november 2025

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

Peisaften ble gjennomført torsdag 30. oktober.
17 medlemmer var fordelt på de tre vertene Jan Idar Kjøren, Øyvin Bogfjellmo og Kolbein Dahle.

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

29. oktober 2025

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

Anne ønsket velkommen til møte med 20 medlemmer til stede, spesielt kveldens foredragsholder kommuneoverlege Nina Kjenstadbakk-Steinkjer.