Referat fra møte i Egge Rotary 5. mars 2026
Svein Kåre Haugen: Kulturskolen i Steinkjer På Hilmarfestivalen 2025 sat vi som fjetra og hørde og såg på elevane frå Kulturskolen. Dei imponerte stort, ikkje minst var det ei lita jente med fiolin som imponerte meg skikkeleg.
«Fargespel» kunne også fortelja oss at her handlar det også om å integrere ungar som ikkje opphavleg er frå Steinkjer og som ofte også har anna andletsfarge enn urfolket i bygdebyen.
Om dette var flott, var det topp å oppleva elevane saman med KORG.
Tidlegare hadde vi også opplevd Kulturskolen i samspel med Trondheimssolistane. Vi gjekk fordi det var fagmusikarar frå storbyen her og kom heim og kjende på at det var elevane frå Steinkjer vi hugsa på.
Dette for å illustrere dei forventningane eg hadde før møtet med sjefen sjølv, kulturskolerektoren.
Møtet starta med at tre av elevane spelte for oss og viste nivået, men også kontakten mellom rektoren og elevane, ikkje minst når elevar og lærar spelte same instrument, trekkspel.
Kulturskole er lovpålagt. Alle skal ha tilbodet, men det er ikkje ein del av den obligatoriske undervisninga i skolen, men eit tilbod. Mange er med, men det er ikkje eit gratis tilbod og det er på fritida. Det kan difor vera ei utfordring å få med alle, særleg dei som har dårleg råd.
Den rammeplanen for Kulturskolen som er gjeldande no, vart vedteken i 2025. Den deler aktiviteten i breidde-, kjerne og fordjupningstilbod. Breiddetilbodet har tettast tilknyting til den vanlege skolen og gjeld 1 - 4 trinn. Kjerneprogrammet er det folk flest kjenner til i møtet med Kulturskolen og fordjupningsprogrammet går vidare og kan organiserast i helger og i kontakt med andre miljø som i Trondheim eller i samarbeid med dansekompani og regionale korps.
Hausten 2025 starta skolen opp med 445 elevar, 293 på musikk, 192 på dans, 49 på visuell kunst og 28 på sirkus. Det er 41 elevar i Malm/Follafoss og 187 på venteliste. Men det er berre 17% av elevane i grunnskolen som er med på Kulturskolen.
Med dei ressursane kommunen brukar på tiltaket, er deltakarprosenten ikkje imponerande. Prisen på 2.100 i semesteret og at det er frivillig å vera med, forklarar mykje av dette.
Kulturskolen har 19 tilsette i til saman 11 årsverk.
Blir det som i fjor, kan vi framover få oppleva Kulturskolen med sommarkonsertar, på Hilmarfestivalen og med arrangement i advent.
Rektor lova at klubben skulle få ein kopi av presentasjonen. Eg går ikkje vidare med alle detaljane vi fekk presentert.
Kolbein Dahle (referent)
9. januar 2025
Egge Rotary, møtereferat 12. desember 2024
Presidenten ønskte velkommen til valgmøte og avslutning for året 2024.
9. januar 2025
Egge Rotary, avlyst besøk hos Steinkjer Bokhandel 05.12.2024
Det var avtalt besøk på Steinkjer Bokhandel med orientering om nye bøker i 2024 ved Gjertrud Holand.
3. desember 2024
Egge Rotary møtereferat 28.november 2024
Presidenten ønsket velkommen, spesielt kveldens foredragsholder Kjersti Kinderås og etter litt historisk informasjon knyttet til kveldens dato.
27. november 2024
Egge Rotary møtereferat 21. november 2024
Det møtte 22 medlemmer, og det var en programfri møtekveld.
21. november 2024
EGGE ROTARY, Peisaften 14. november 2024
Peisaften ble gjennomført torsdag 14. november.
21. november 2024
Egge Rotary, møtereferat 07. november 2024
Presidenten åpnet møtet og ønsket alle velkommen.
Noen hendelser bakover tid på samme dato, ett var 3 ukers ferie ble innført i 1947.
30. oktober 2024
Egge Rotary, møtereferat 24. oktober 2024
Presidenten åpnet møtet og ønsket alle velkommen, det møtte 29 medlemmer. Hun startet med å informere om at vårt medlem Birger Braseth døde 21.oktober.
24. oktober 2024
Egge Rotary møtereferat 10. oktober 2024
President Anne ønsket velkommen og viste til noen hendelser bak i tid for denne dato.
24. oktober 2024
Egge Rotary møtereferat 17. oktober 2024
President Anne ønsket velkommen, spesielt Kjell Haugan som er kveldens foredragsholder.