Referat fra møte i Egge Rotary 23.04.2026
Otto Ulseth: Portrettintervjuar i T-A

Grannen vår var vara på Stortinget for Ap. Ikkje lenge etter at dette tok slutt, hadde ho med seg ein helgagjest som til forveksling likna på Tor Mikkel Wara. Eit portrettintervju forfatta av Otto Ulseth i T-A, forklara det utrulege vi hadde vore vithe til, eit kjærleg møte mellom Ap og Frp.
Eg hadde nok lagt merke til at T-A hadde mange interessante portrettintervju utan at eg hadde kjennskap til forfattaren, etter dette merka eg meg namnet.
På dette møtet i Egge RK kunne vi lage vårt eige portrett av journalisten Otto Ulseth. Som senior kom han til T-A for nokre år sidan. Han kom med bakgrunn frå fleire sentrale aviser både i Oslo og Trondheim og NRK. Han har også vore fotballtrenar og særleg kjent som sportsjournalist og han har skrive idrettsbiografiar.
I T-A fann han ei avis som framleis satsa på å vera ei kvalitetsavis, som var relevant og tok vare på samfunnsansvaret sitt. Møte med denne avisa var som «å koma heim», sa han. I redaksjonen fann han interesse for det tradisjonelle portrettintervjuet. Ein kategori han har vore engasjert i sidan han skreiv Hammarlund-portrett i Dagbladet den gongen det var ei kvalitetsavis.
Det har også dukka opp idrettsstoff som har signaturen Otto Ulseth, men portrettintervjua er spesialiteten og temaet her.
Krava til god journalistikk gjeld. Elementa er konflikt, aktualitet, sensasjon, relevans og vesentlegheit. Journalisten må vise sympati, respekt og engasjement. Dette må ein ha med seg gjennom heile tida frå ein vel ut intervjuobjektet til artikkelen er på trykk i avisa.
Portrettet er ikkje komplett utan bilete, anten det er teikningane til Gøsta Hammarlund eller fotogrfia til Johan Arnt Nesgård. Dei har sitt verktøy, det har også journalisten, og Otto held seg framleis til blyant og blokk.
Intervjuaren er avhengig av tillit mellom seg og objektet. Det er best om ein kan unngå sitatkontroll. Dei fleste aksepterer det. Det krevst skrivarglede, men med varsemd med ordflaumen.
Gjennom dei siste åra har vi, med eller mot vår vilje, sett avisenes overgang frå papir til skjerm. Reaksjonen frå publikum på det som står der, kjem ikkje lenger i posten, sjeldan i kommentarfeltet, litt oftare på sosiale media, men det nye og aktuelle er at avisa kan fylgje med på kor mange som les, kva dei les og kor lenge.
På den måten vil avisa kjenne populariteten til det som kjem på prent. Det gjeld sjøvsagtl også portrettintervjua. Resultatet er ikkje alltid som venta.
Det å få lage portrett av kongen, er svært eksklusivt. Under ski-VM lykkast det. Men portrettet kom ikkje på topp 5 lista. Det gjorde heller ikkje intervjua med Jens Stoltenberg eller dei lokale kjendisane Åge Aleksandersen, Jens Kvernmo og Petter Northug.
Men det var også i hovudsak lokale kjentfolk som kom på topplista. Ikkje overraskande råkar desse aller best på kriteria ovanfor, ikkje minst på relevans.
Dei fem var Endre Skjervø og Bjørn Kalmar Aasland. Ketil Lindseth, Roald Stene, May Britt Lagesen og Anders Bardal.
To av dei hadde bakgrunn i kommunesektoren. Han minte oss spesielt om eit sitat etter Endre Skjervø der han innsåg at det var mangt i Frosta kommune som ikkje var bra, men bygda hadde i det minste «verdens beste lege!»
Portrettintervuet fell fint inn I profilen til ei regionavis som T-A, men det er viktig at objektet ikkje berre er samfunnsengasjert, men også engasjerar intervjuaren. Det kan sjå ut til at Otto Ulseth har lett for å bli det.
Og for den som ikkje har fått med seg alle portretta, er dei enkle å finne digitalt i T-As arkiv.
Kolbein Dahle (referent)
12. januar 2026
RITEK
Møtet den 27. november 2025 var på Ritek, Rinnleiret, Levanger. Møtet var sammen med Verdal rotaryklubb.
2. desember 2025
Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25
Presidenten ønsket velkommen til 26 medlemmer og kveldens foredragsholder Steinar Krokstad – professor i sosialmedisin.
17. november 2025
Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25
Ved ankomst på Telthuset ble vi mottatt av styreformann Tor Borgan
5. november 2025
EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025
Peisaften ble gjennomført torsdag 30. oktober.
17 medlemmer var fordelt på de tre vertene Jan Idar Kjøren, Øyvin Bogfjellmo og Kolbein Dahle.
29. oktober 2025
Referat fra møte i Rotary 23.10.25
Anne ønsket velkommen til møte med 20 medlemmer til stede, spesielt kveldens foredragsholder kommuneoverlege Nina Kjenstadbakk-Steinkjer.
29. oktober 2025
Referat fra møte i Rotary 16.10.25
Anne ønsket velkommen til møte med 21 medlemmer til stede.
14. oktober 2025
Referat fra møte i Egge Rotary 9.10.25
Anne ønsket velkommen til møtet med 21 medlemmer til stede.
14. oktober 2025
Bedriftsbesøk hos Hoff Sundnes Brenneri 2.10.25
Vi var 12 rotaryanere som ble mottatt av Bjørn Furuhaug og Tove Fjørtoft kl. 12.
30. september 2025
Referat fra møte i Egge Rotary 25.09.25
Presidenten ønsket velkommen til 21 medlemmer og kveldens foredragsholder.
Ingvar og Yngvar har navnedag og elgjakta startet i dag.