Morten Stene: By Bruk

6 desember 2018 - St. Nikolas dag eller Nilsemesse på norsk. St Nikolas var biskop i Myria i Tyrkia og var kledd i raud bispekappe og med mitra på hovudet. Han var glad i barn og gavmild. I mange land på kontinentet blir han stadig feira på den måten med namnet Klaus. I Skandinavia er det forkorta til Nils og finst også i forma Nisse.

Har du dei tre tinga «råvare», «energi» og «arbeidskraft» har du grunnlaget for å skapa ein produksjon. Framleis manglar det tre vesentlege ting, «teknologi», «transport» og «marknad», og då treng du berre tre ting til: «ide», «kapital» og «mot».

Til alle tider har Byafossen vore ei energikjelde, også utnytta langt bakover i tida så langt teknologien har tillate det. Det var mølle, sag, kanskje også ei stampe. Råvarene var korn, ull og tre, og av dei hadde treet det største potensialet. Gjennom 1800-åra voks folketalet til trengsel.

Om treet vart ved og poteten sprit, ja, at han også hadde tenkt på den nye teknologien som grunna seg på oppfinninga til tyskaren Fredrich G. Keller som laga papir av trefiber og tresliperi, det hjelpte ikkje. Godseigaren på By, Jakob Skavlan Gram gjekk frå gard og grunn og laut selja i 1896.

Då kom trondheimarane med dei siste elementa, ide, kapital og mot. Dei kom med Adolf Øyen i spissen, etter at Terje Bratberg har skrive biografi om Øyen, veit sjølvsagt alle alt om han. Han hadde med seg tre til på samskotslaget, Bjarne Lysholm, Anton Sofhus Anker Bache og Hallvard Anker Bache.

Med 300 - 500 mann starta dei hausten 1896 med å bygge fabrikk og alt i februar 1897 var dei klare til å hente maskinene på kaia med 20 hestar som trekkraft. Midt i juli var produksjonen i gang.

Råvaretransporten var grei, Snåsavatnet låg der og spegla skogane på båe sider av vatnet,og nedover frå Nordsjø gjekk det ei elv som kunne vera til nytte. Lagerplass var det også på Reinsvatnet. Verre var det med frakta av ferdigvara. 403 ballar med tremasse alt den fyrste veka! Jernbane, verdas første elektriske jernbane var svaret. Traseen ligg der for det meste ferdig over Rismyra. Det er ein fin turveg i dag. For noko stoppa jernbanen, då vart det taubane i staden!

Slik gjekk det med skiftande eigarar og skiftande konjunturar, to verdskrigar, brann og andre små og store problem. Så kom det ein lei konkurrent med ny teknologi på Skogn frå 1962. Denne tok knekken på dei fleste av dei andre tresliperia, miljøkrav og strukturendringar stoppa resten. Men så lenge det var ein kunde, gjekk det på sitt vis ved Byafossen. Koniklije Nederlanse Papierfabriek kjøpte våtmasse frå By til langt ut på 1980-talet.

No er det meste borte, nokre mosegrodde slipesteinar og ein verkstadbygning fortel historia. Fossen går gjennom eit supermoderne kraftverk som sender energien ut i verda-.





Tekst og foto: Kolbein Dahle

 
Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

2. desember 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

Presidenten ønsket velkommen til 26 medlemmer og kveldens foredragsholder Steinar Krokstad – professor i sosialmedisin.

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

17. november 2025

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

Hans Kvernland:
Bilfabrikantenes tilbakekallinger

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

17. november 2025

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

Ved ankomst på Telthuset ble vi mottatt av styreformann Tor Borgan

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

5. november 2025

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

Peisaften ble gjennomført torsdag 30. oktober.
17 medlemmer var fordelt på de tre vertene Jan Idar Kjøren, Øyvin Bogfjellmo og Kolbein Dahle.

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

29. oktober 2025

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

Anne ønsket velkommen til møte med 20 medlemmer til stede, spesielt kveldens foredragsholder kommuneoverlege Nina Kjenstadbakk-Steinkjer.

Referat fra møte i Rotary 16.10.25

29. oktober 2025

Referat fra møte i Rotary 16.10.25

Anne ønsket velkommen til møte med 21 medlemmer til stede.

Referat fra møte i Egge Rotary 9.10.25

14. oktober 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 9.10.25

Anne ønsket velkommen til møtet med 21 medlemmer til stede.

Bedriftsbesøk hos Hoff Sundnes Brenneri 2.10.25

14. oktober 2025

Bedriftsbesøk hos Hoff Sundnes Brenneri 2.10.25

Vi var 12 rotaryanere som ble mottatt av Bjørn Furuhaug og Tove Fjørtoft kl. 12.

Referat fra møte i Egge Rotary 25.09.25

30. september 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 25.09.25

Presidenten ønsket velkommen til 21 medlemmer og kveldens foredragsholder.
Ingvar og Yngvar har navnedag og elgjakta startet i dag.

Referat fra møte i Egge Rotary 18.09.25

24. september 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 18.09.25

Innkommende president Jan Idar Kjøren ønsket velkommen til 18 medlemmer.
Han nevnte noen historiske hendinger på denne dato, bl.a. ble Dovrebanen åpnet i 1921.