Nettselskapets framtidige rolle i energisystemet

Det kjennes ikkje så lenge sidan vi hadde direktør Trygve Kvernland var i klubben for å tale om same emnet, men innhaldsmessig kan det kjennast som eit hundreår. Den gongen var det mykje tale om stolpar og trådar.NTE - nett har ikkje så reint lite av det og har monopol på det lokale og regionale nettet her, medan dei store straumriksvegane gjennom fylket høyrer Statsnett til. Det nye her er at nye arbeidsmåtar etter kvart gjer vedlikehaldet billegare og meir effektivt. Likevel er det andre delar av framtida som er meir spanande.
Sidan sist har dei to trøndelagsfylka gått i lag. Kommunane har tatt over som eigarar av NTE, utan at dette har endra mykje. Framleis er det to nettselskap i Trøndelag. Omsynet til nettleiga i Trondheim har gjort det umuleg å slå seg saman, men sameksistensen blir løyst gjennom ein konsernmodell.

Trygve Kvernland, Adm. dir. i NTE Nett AS
Trygve Kvernland, Adm. dir. i NTE Nett AS

På den tekniske sida har det på ingen måte vore stillstand dei siste åra. Energiforsyning, og ikkje minst forsyning av grøn energi, er eit heitt tema. Forbruksmønsteret er i rask endring. Elektrisk transport og datalagring kan stå som eksempel på dette, men også meir tradisjonelle verksemder kan bli lokalisert på plassar som skaper utfordringar. Industrisatsinga i Sørli er eit eksempel på det. 
Og der, som på nesten alle område, skjer endringane fort, og svært fort i forhold til levetid og avskrivingstid på tradisjonelle kraftliner som er 60 år.

Eit endå større tema er at det er vanskelegare enn nokon gong å sjå for seg korleis produksjons- og forbruksmønsteret endrar seg, og det er ikkje berre dei lokale og regionale faktorane som spelar inn her. Straum blir i aukande grad ei internasjonal vare og systemtenkinga går frå lokalt til globalt. 

Dei største endringane startar i den minste målestokken. Smart og ny teknologi snur opp ned på så mange ting, og det går fort! Heimane kan gå over frå å vera forbrukarar til å bli produsentar, men likevel slik at dei vil gjennom året og døgnet vere både på pluss- og minussida. Smarte målarar opnar for at forbrukarane kan styre forbruket sitt etter prisen, og ikkje berre ved å vaske klede om natta, men også gjennom å ta i bruk batteriteknologi. Den elektriske bilen kan brukast til å ta vare på billig straum som kan brukast i heimen på andre tider.

Det største batteriet ligg likevel i vassressursane våre. Med nettet styrer vi kjapt kor mykje vatn som til kvar tid trengst til produksjonen.
Det finst også ein del løysingar som ikkje alltid er slike vi ønskjer dei. Solpanel og batteri kan koplast opp på uønskelege måtar, og det treng ikkje alltid vere lurt å lade bilen på vanleg kontakt. Langvarig last på slik installasjon kan føre til varmgang og brann.
På den måten krev dei raske endringane at vi alle held oss oppdaterte. Det var interessant å få høyre at det er enkelt å få kopla seg opp for å følgje sitt eige forbruk frå time til time, eller kanskje oftare.

Tekst og foto: Kolbein Dahle


 
Referat fra møte i Egge Rotary 8. januar 2026

13. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 8. januar 2026

Anne ønsket velkommen og godt nytt år til 24 medlemmer pluss Tove Lånkan.

Referat fra møte i Egge Rotary 18.12.25

12. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 18.12.25

Anne ønsket DG Frede Jakhelln og kona Vivi velkommen til møtet. 21 medlemmer til stede. Det ble servert kaffe og bløtkake.

Referat fra møte i Egge Rotary 11. desember 2025

12. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 11. desember 2025

Presidenten ønsket velkommen til 21 medlemmer.

Besøk hos Steinkjer Bokhandel 4. desember 2025

12. januar 2026

Besøk hos Steinkjer Bokhandel 4. desember 2025

Gjertrud ønsket oss velkommen og sa hun alltid har syntes det er hyggelig med besøk av oss.

RITEK

12. januar 2026

RITEK

Møtet den 27. november 2025 var på Ritek, Rinnleiret, Levanger. Møtet var sammen med Verdal rotaryklubb.

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

2. desember 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

Presidenten ønsket velkommen til 26 medlemmer og kveldens foredragsholder Steinar Krokstad – professor i sosialmedisin.

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

17. november 2025

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

Hans Kvernland:
Bilfabrikantenes tilbakekallinger

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

17. november 2025

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

Ved ankomst på Telthuset ble vi mottatt av styreformann Tor Borgan

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

5. november 2025

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

Peisaften ble gjennomført torsdag 30. oktober.
17 medlemmer var fordelt på de tre vertene Jan Idar Kjøren, Øyvin Bogfjellmo og Kolbein Dahle.

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

29. oktober 2025

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

Anne ønsket velkommen til møte med 20 medlemmer til stede, spesielt kveldens foredragsholder kommuneoverlege Nina Kjenstadbakk-Steinkjer.