Anders Bardal: Drømmen om å bli best.

Forteljinga var om småguten som ville bli den beste skihopparen i verda - og det starta så tidleg at han knapt kunne hugse når. Over alt det låg snø i ein skråning, kunne det hoppast, ein haug med brøytesnø i Søndre Egge var ein framifrå treningsbakke for gutungane i grannelaget.



Ein morgon låg dei fyrste hoppskia framfor senga. Den dagen starta hoppkarriæren med eit fyrstehopp med fall og beinbrot.

Det vart ein trio som tevla på ski, kombinert. Dei rangerte seg ein gong for alle, og Anders var for det meste nr. 2.

Han kunne ikkje lovprise Steinkjer vgs nok. Han hadde ønska seg til Heimdal, men fekk ikkje lov. I staden kom skulen og miljøet her til å få avgjerande betydning for karriæren. Skulen fekk idrettsline med eigen hopplærar, Erling Einli frå Namdalseid. Kor bra dette var, kan ein forstå når det vart OL-plass alt siste året på vgs. Det var året 2002 og OL var i Salt Lake City. At han same året tok dobbelt NM-gull, sa han ingen ting om.

Neste år kom han på landslaget med Mika Kojonkoski. Det gjekk på det jamne, og laget var godt og vann bra. Miljøet mellom hopparane vart styrkt av det. Det var såleis eit vonbrot at Mika slutta som trenar etter 2011-sesongen.

Han gjekk offentleg ut mot den nye trenaren, Aleksander Stöckl, men då Alex ringde og var nær og personleg, snudde det heile seg momentant. Den nye trenaren hjelpte han hoppteknisk slik at han fann att den gamle gode Anders, og åra som fylgde toppa karriæren med dei største opplevingane i hoppbakken. Den største augeblinken i livet var VM-gull i Val di Fiemme i 2013, den fyrste nordmannen som vann VM etter Bjørn Wirkola, som forresten delte ut premien til Anders den gongen. Det gjævaste trofeet vart likevel krystallkula i Verdscupen sesongen før. 

Dei siste sesongane vart det sigrar i laghopp både med det vanlege laget og det nye mikslaget. Det vart sigrar i skiflyfing - ja - premiesamlinga vart komplett. Sesongen 2014-15 var planlagt som sesongslutt. Det starta med for langt hopp, fall og brot i handled, ei hending som stadfesta avgjerda om at no var nok nok. Holmenkollrennet det året vart det siste. At han avslutta med Holmenkollmedaljen, sa han ingen ting om, heller ikkje at han har fått Olavstatuetten.

Han hadde skaffa seg ei utdanning i økonomi samstundes med hoppinga og spurde seg om etter arbeid på Steinkjer før han ga seg. Resultatet av det var at han så snart han hadde fått pakka ned skiutstyret kunne starte i SpareBank1 MN.

Det har fått bra, kanskje er draumen om å bli best stadig levande?

Ein ny generasjon veks til. Er det nokon som er fødd med ski på beina, må det vera ungane til Ingrid og Anders. Og etter kvart som dei veks til, dreg han på ein ny draum, å gjenopplive hoppmiljøet for ungar på Steinkjer. Og no er det ikkje lenger berre smågutane det handlar om, jentene gjer det like bra - om ikkje betre - med hoppski under føtene.

Tekst og foto: Kolbein Dahle



 
Egge Rotary , Møte 25. januar 2024

13. februar 2024

Egge Rotary , Møte 25. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og orienterte om følgende;
Vi hadde fått forespørsel om klubben kunne være fadder for en utvekslingsstudent fra Vadsø. Dette på grunn av at det ikke er noen Rotary klubb der oppe.

Egge Rotary , Møte 18. januar 2024

1. februar 2024

Egge Rotary , Møte 18. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og spesielt kveldens foredragsholder.
Formann i festkomiteen Ivar A. Hegstad orienterte om at årsfesten blir på Egge Museum torsdag 14. mars kl. 18.00

Egge Rotary , Møte 11. januar 2024

12. januar 2024

Egge Rotary , Møte 11. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og orienterte om følgende;
Ragnar Andresen har søkt om permisjon resten av dette Rotaryåret og er innvilget det.

Egge Rotary , Møte 04. januar 2024

9. januar 2024

Egge Rotary , Møte 04. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og Godt Nytt År.

Referat fra Julemøte 14.desember 2023

3. januar 2024

Referat fra Julemøte 14.desember 2023

Bordene var dekket med fine juletallerkner, og det ga er flott inntrykk av at nå er det snart Jul.

Besøk hos Steinkjer bokhandel 7. desember 2023

3. januar 2024

Besøk hos Steinkjer bokhandel 7. desember 2023

Rundt 30 rotaryanere med partnere var samlet i Steinkjer bokhandel hvor Gjertrud Holand orienterte om aktuelle bøker.

REFERAT FRA MØTE 30.11.23

3. januar 2024

REFERAT FRA MØTE 30.11.23

Torsdag 30.11.23 hadde klubben besøk av guvernør Sissel Slettum Bjerke.

EGGE ROTARY, REFERAT FRA MØTE 23.11.23

28. november 2023

EGGE ROTARY, REFERAT FRA MØTE 23.11.23

Presidenten ønskte velkommen til møte.
Presidenten informerte om neste torsdag kommer Guvernør Sissel Slettum Bjerke og nestkommanderende Trond Stenersen.

EGGE ROTARY, MØTE 16. NOVEMBER 2023

23. november 2023

EGGE ROTARY, MØTE 16. NOVEMBER 2023

Presidenten ønskte velkommen og spesielt kveldens foredragsholder.

EGGE ROTARY, MØTE 09. NOVEMBER 2023

23. november 2023

EGGE ROTARY, MØTE 09. NOVEMBER 2023

Forrige års president ønskte velkommen og spesielt til kveldens foredragsholder Håvard Skjellegrind.