MED BLÅLYS - POLITI OG AMBULANSE

På to møter i vinter har vi hatt møte med blålysetatane. På møtet den 13. desember orienterte Snorre Haugdal om politireformen. Han gjorde greie for kva reformen gikk ut på og korleis prosessen har vore. Det var ei nødvendig reform, men det står att ein bit før det heile er på plass. Det kan sjå ut til at etterslepet var for stort og at det kvantespranget som måtte gjerast, var drygare enn nokon hadde sett for seg.

Han la vekt på at både kriminalbiletet og arbeidsmetodane har endra seg. Det er ikkje lenger så vanleg med den klassiske tjuven med maske og brekkjarn. No foregår mykje av den alvorlege kriminaliteten elektronisk. Det må det utviklast ny kompetanse og nye arbeidsmåtar. 

Det har vorte teknisk muleg å ha med seg kontoret inkludert eit nasjonalt arkiv i bilen, dermed er det kanskje ikkje det same behovet for ein lensmann på eit kontor på dagtid. 

Mykje av dette har kome på plass. Likevel er det skepsis hos publikum og opposisjonspolitikarar. No i det siste har det også vorte klart at politifolka ikkje finn seg til rette med reformen. Det var kanskje noko i dette Hegdal konkluderte med: Akkurat no kan det sjå ut til at ein har bygd for svær grunnmur i forhold til det huset som skal stå oppå og synast.

Men statsråden kunne seinast i dag slå fast at det har ikkje stått på løyvingane. Politiet har både fått midlar og menneske. Kvifor har det likevel ikkje gått bra?

Den 11. april var Sturla Hammer i klubben for å orientere om ambulansetenesta før og no og utfordringane framover.
Så seint som på 1960-talet vart pasientane frakta i ein drosjebil som var tilpassa slik at ei primitiv sjukebåre kunne dyttast inn gjennom bagasjerommet. Det fanst lenge berre ein bil i fylket som var bygd som ambulanse, finansiert av Fosdalen Bergverk og stasjonert i Malm.


Sturla Hammer, avdelingsleder for ambulanseavdelingen i Helse Nord-Trøndelag HF

Eigentleg var det først fram mot 1980-talet det kom ei skikkeleg professjonell ambulanseteneste i gang i fylkeskommunens regi. Det starta med ein NOU i 1979 om utdanning av ambulansepersonell. Dette har vore ein viktig grunnmur i utviklinga av tenesta. Dette vart innarbeidd i skuleverket i 1994 og 2007. No er det to vegar som fører til målet, det einaste ankemålet er at utdanningane ikkje kan brukast til noko anna.

Fram til 1995 var sjukebilane fylkeskommunale. Det året la fylkeskommunen ambulansetenestene ut på anbud. Private aktørar overtok. Dette skulle vara ved til 2012, men frå 2001 overtok dei regionale helseforetaka for fylkeskommunen.
Våren 2012, før anbodstida var til ende, vart ambulansetenestene etablert som eige foretak. Dette vara ut 2014, etter det har ambulansen sortert under dei enkelte helseforetaka.

Dei prehospitale tenestene er dei seinare åra endra slik at dei ikkje er til å kjenne att. Det har vore ein teknisk revolusjon. Landet har fått eit naudnett som er heilt fabelaktig. Alle blålysetatane er påkopla heile tida, og det når også inn i Sverige slik at det tener trønderane i Åre. Det er full kontakt med dei andre etatane som er under utrykking og den som kjem først nølar ikkje med å sette i gang. Oftast er det brannvesenet, og dei har kompetanse på meir enn å sløkke ein brann.

Dei nye bilane er nesten som rullande sjukehus med tilgjengelege journalar, jamvel om det nasjonale journalsystemet ikkje er heilt ferdig. Planleggingsdataene er tilgjengelege både framme og bak i bilane. Det dukkar stadig opp avansert utstyr som gjer at pasienten kan koma så fort som muleg til rett teneste, ofte kan diagnosen stillast slik at sjukehuset er budd på det som kjem.
Det finst også koordinering mot helikopter og fly, jamvel om fly nesten ikkje blir brukt i Nord-Trøndelag.

Til slutt fekk vi innsyn inn i framtida. Eldrebølgja - som dei fleste av oss er ein del av - gjer at det kan synast umuleg å bygge opp ein kapasitet som kan rå med dei potensielle pasientane med dei mottak og arbeidsmetodar ein har i dag.
Her er det nye Inn-Trøndelag helse og beredskapshus eit eksempel på korleis ein førebur seg på å handtere dei utfordringane som kjem.

Tekst og foto: Kolbein Dahle

 
Egge Rotary , Møte 25. januar 2024

13. februar 2024

Egge Rotary , Møte 25. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og orienterte om følgende;
Vi hadde fått forespørsel om klubben kunne være fadder for en utvekslingsstudent fra Vadsø. Dette på grunn av at det ikke er noen Rotary klubb der oppe.

Egge Rotary , Møte 18. januar 2024

1. februar 2024

Egge Rotary , Møte 18. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og spesielt kveldens foredragsholder.
Formann i festkomiteen Ivar A. Hegstad orienterte om at årsfesten blir på Egge Museum torsdag 14. mars kl. 18.00

Egge Rotary , Møte 11. januar 2024

12. januar 2024

Egge Rotary , Møte 11. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og orienterte om følgende;
Ragnar Andresen har søkt om permisjon resten av dette Rotaryåret og er innvilget det.

Egge Rotary , Møte 04. januar 2024

9. januar 2024

Egge Rotary , Møte 04. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og Godt Nytt År.

Referat fra Julemøte 14.desember 2023

3. januar 2024

Referat fra Julemøte 14.desember 2023

Bordene var dekket med fine juletallerkner, og det ga er flott inntrykk av at nå er det snart Jul.

Besøk hos Steinkjer bokhandel 7. desember 2023

3. januar 2024

Besøk hos Steinkjer bokhandel 7. desember 2023

Rundt 30 rotaryanere med partnere var samlet i Steinkjer bokhandel hvor Gjertrud Holand orienterte om aktuelle bøker.

REFERAT FRA MØTE 30.11.23

3. januar 2024

REFERAT FRA MØTE 30.11.23

Torsdag 30.11.23 hadde klubben besøk av guvernør Sissel Slettum Bjerke.

EGGE ROTARY, REFERAT FRA MØTE 23.11.23

28. november 2023

EGGE ROTARY, REFERAT FRA MØTE 23.11.23

Presidenten ønskte velkommen til møte.
Presidenten informerte om neste torsdag kommer Guvernør Sissel Slettum Bjerke og nestkommanderende Trond Stenersen.

EGGE ROTARY, MØTE 16. NOVEMBER 2023

23. november 2023

EGGE ROTARY, MØTE 16. NOVEMBER 2023

Presidenten ønskte velkommen og spesielt kveldens foredragsholder.

EGGE ROTARY, MØTE 09. NOVEMBER 2023

23. november 2023

EGGE ROTARY, MØTE 09. NOVEMBER 2023

Forrige års president ønskte velkommen og spesielt til kveldens foredragsholder Håvard Skjellegrind.