STEINKJER 3.0

«Vi bygger Steinkjer 3.0», sa den daglege leiaren i Steikjerbygg AS, Bjørn Aasland, då han starta presentasjonen av verksemda på møtet i rotaryklubben 10. oktober. Seinare kom det fram at dei også har store arbeid i gang med element både frå Steinkjer 1.0.

Dagleg leiar i Steinkjerbygg AS, Bjørn Aasland

Då Steinkjerbygg vart etabert i 1941 var det den andre versjonen det dreia seg om. Byen låg i ruinar og både folk og verksemder var huslause. Versjonen 1.0 starta også i ein nedbrent by frå sumaren 1900. Steinkjer 3.0 har eit anna utgangspunkt, å utvikle ein moderne og attraktiv by litt motstraums mot sentraliseringstendensane i tida.

Verksemda er delt både i driftsselskap og fleire eigedomsselskap, også kommunens eigedomsaveling er no ein del av det heile.

Ein vesentleg del av det nye som har kome opp i byen i det siste høyrer inn under porteføgjen. Berre gjennom dei siste par månadane er det teke i bruk nye bygg for meir enn ein milliard kroner. Innovasjonscampen, Steinkjer skole og Helse og beredskapshuset høyrer til her.

Men det er fleire ting på kartet, det kartet han viste på skjermen. Det som akkurat no syner mest i bybiletet er O2-huset, men mykje stort og smått er med både sentralt og i utkantane. Det er også naturleg å inkludere tidlegare Verran. Kvalitet skal stå som det største varemerket for Steinkjerbygg. Det blir stilt strenge miljøkrav til det som blir bygd i dag. Massivtre har kome som eit viktig byggemateriale, det er berre synd at vi i trelandet Noreg ikkje har nokon som leverer elementa. Steinkjer skole er bygd av tredelar som er sette saman i Østerrike. 

Også når bygg frå Steinkjer 1.0 og 2.0 skal vera med vidare, skal renoveringa gjerast så bra som muleg. Det er ikkje lenge før den gamle skolebygningen, monumentalbygget etter bybrannen i 1900 skal pakkast ut att, finare enn nokon gong sidan det var nytt. Her er alt gjort grundig. Taksteinane er tekne ned, pussa og lagt på plass att og konstruksjonen i bygget er forsterka. Her vil det ikkje gjelde nokon 40 års levetid! Det blir stilt tilsvarande krav når ein no er i gang med Samfunnshuset.

Samarbeid med private aktørar er også viktig. Den gamle brannstasjonen blir eit eksempel på det, no utlagt til sals, men med strenge vernekrav. 

Rett rundt svingen får vi det nye kulturhuset og Dampsaga.

Steinkjer er ein by med vekst og ambisjonar og Steinkjerbygg er eit effektivt verkemiddel.

Tekst og foto: Kolbein Dahle

 
Referat fra møte i Egge Rotary 8. januar 2026

13. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 8. januar 2026

Anne ønsket velkommen og godt nytt år til 24 medlemmer pluss Tove Lånkan.

Referat fra møte i Egge Rotary 18.12.25

12. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 18.12.25

Anne ønsket DG Frede Jakhelln og kona Vivi velkommen til møtet. 21 medlemmer til stede. Det ble servert kaffe og bløtkake.

Referat fra møte i Egge Rotary 11. desember 2025

12. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 11. desember 2025

Presidenten ønsket velkommen til 21 medlemmer.

Besøk hos Steinkjer Bokhandel 4. desember 2025

12. januar 2026

Besøk hos Steinkjer Bokhandel 4. desember 2025

Gjertrud ønsket oss velkommen og sa hun alltid har syntes det er hyggelig med besøk av oss.

RITEK

12. januar 2026

RITEK

Møtet den 27. november 2025 var på Ritek, Rinnleiret, Levanger. Møtet var sammen med Verdal rotaryklubb.

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

2. desember 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

Presidenten ønsket velkommen til 26 medlemmer og kveldens foredragsholder Steinar Krokstad – professor i sosialmedisin.

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

17. november 2025

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

Hans Kvernland:
Bilfabrikantenes tilbakekallinger

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

17. november 2025

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

Ved ankomst på Telthuset ble vi mottatt av styreformann Tor Borgan

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

5. november 2025

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

Peisaften ble gjennomført torsdag 30. oktober.
17 medlemmer var fordelt på de tre vertene Jan Idar Kjøren, Øyvin Bogfjellmo og Kolbein Dahle.

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

29. oktober 2025

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

Anne ønsket velkommen til møte med 20 medlemmer til stede, spesielt kveldens foredragsholder kommuneoverlege Nina Kjenstadbakk-Steinkjer.