REFLEKSJONAR ETTER EIT EGOFOREDRAG

Det har ikkje vore vanleg å referere frå egoforedrag på desse sidene, dermed blir det ikkje noko refetar frå møtet den 17. oktober i vanleg forstand.

Men det må vera lov å koma med nokre reflekskjonar etter foredraget. Alle nye medlammar held eit foredrag om seg sjølv snart etter at dei har vorte medlem i rotary. Det vil gjerne vera eit foredrag med vektlegging av yrke og karriære, der familie og private forhold står litt i bakgrunnen.

I seinare år har medlemmar som har vore lenge i klubben vorte inviterte til å kome med seniorforedtag om seg sjølve. For mange er yrkeslivet fortid og andre tema kjem meir i framgrunnen.

Knut Skogan valde å fortelja om barndom, oppvekst og utdanning. Som mange andre i klubben var han eit heimefødt krigsbarn med tidleg barndom på 1940-talet og skulegang og vidare utdanning i tiåra etterpå. 

For mange av medlemmane var både tid og tidsande ganske gjenkjenneleg. Men for ein avstand det har vorte til tida no!
Eit par år før eg fylte 30, redigerte eg ei bok basert på minneoppgåvene for eldre. Nasjonalforeninen for folkehelsen hadde ei minnetevling tidleg på 1960-talet som ga stoff til boka. Tidsavstanden til hendingane var omlag den same som det no er til perioden Knut trekte fram. Men historiene var likevel ikkje så eksotiske som vår barndom og ungdom for 60-70 år sidan er no.
Vi jublar stadig for framgang i velstand og velferd, men når vi blir lokka til å sjå i bakspegelen, øygner vi også at vi har tapt mykje, vi har betalt ein pris for det.

Den gongen ein levemåte prega av sjølvberging og nøktern sparsemd, nesten ned mot fattigdom, men med grannekontakt og levande lokalsamfunn der folk brydde seg. No eit samfunn der folk skulle levd i økonomisk velstand, men ikkje klarer å styre gjelda si. No hjelper det ikkje å låne frå sparebøssene til ungane, no er det NAV som gjeld!

Bygdefolk den gongen, prøved å nytte seg av alt naturen kunne gje. Ein stor del av maten kom frå eigen gard, også «drivstoffet» til trekkrafta og ved til varme og vøling. Nokon dans på roser var det ikkje, vi var uroa for morgondagen då som no, men ein kan lure på om bekymringane veks raskare enn velstanden.


Illustrasjon frå Vangsgutane: Livet på ein liten gard på 1950-talet. Teining Jens R. Nilsen


Tekst: Kolbein Dahle



 
Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

2. desember 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

Presidenten ønsket velkommen til 26 medlemmer og kveldens foredragsholder Steinar Krokstad – professor i sosialmedisin.

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

17. november 2025

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

Hans Kvernland:
Bilfabrikantenes tilbakekallinger

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

17. november 2025

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

Ved ankomst på Telthuset ble vi mottatt av styreformann Tor Borgan

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

5. november 2025

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

Peisaften ble gjennomført torsdag 30. oktober.
17 medlemmer var fordelt på de tre vertene Jan Idar Kjøren, Øyvin Bogfjellmo og Kolbein Dahle.

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

29. oktober 2025

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

Anne ønsket velkommen til møte med 20 medlemmer til stede, spesielt kveldens foredragsholder kommuneoverlege Nina Kjenstadbakk-Steinkjer.

Referat fra møte i Rotary 16.10.25

29. oktober 2025

Referat fra møte i Rotary 16.10.25

Anne ønsket velkommen til møte med 21 medlemmer til stede.

Referat fra møte i Egge Rotary 9.10.25

14. oktober 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 9.10.25

Anne ønsket velkommen til møtet med 21 medlemmer til stede.

Bedriftsbesøk hos Hoff Sundnes Brenneri 2.10.25

14. oktober 2025

Bedriftsbesøk hos Hoff Sundnes Brenneri 2.10.25

Vi var 12 rotaryanere som ble mottatt av Bjørn Furuhaug og Tove Fjørtoft kl. 12.

Referat fra møte i Egge Rotary 25.09.25

30. september 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 25.09.25

Presidenten ønsket velkommen til 21 medlemmer og kveldens foredragsholder.
Ingvar og Yngvar har navnedag og elgjakta startet i dag.

Referat fra møte i Egge Rotary 18.09.25

24. september 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 18.09.25

Innkommende president Jan Idar Kjøren ønsket velkommen til 18 medlemmer.
Han nevnte noen historiske hendinger på denne dato, bl.a. ble Dovrebanen åpnet i 1921.