30.1.2020: Eit kriminelt rotarymøte

Møtet i kveld var programfritt. Det vil seia at ein opnar for at medlemar kvitterar for utlodningsgevinstar med eit såkalla «3-minutt». Vanlegvis blir det plass til tre slike på ein time, så minutta kan bli litt lange.

Utan at det på nokon måte var avtala, kom alle tre til å handle om kriminalitet.

For snart 30 år sidan var Asbjørn Kvernland med på ein ekspedisjon på leit etter spor i nord etter den aldri rådlause skipskapteinen Otte Sverdrup. Han fortalde eit par episoder frå turen, mest om isen. Det var i den samanhengen han kom inn på namnsetjinga i området og først og fremsst Hall land på Grønland, som også inneheld ei kriminalhistorie.

Charles Francis Hall leia den amerikanske Polaris-ekspedisjonen i 1871. Amerikanarane skulle prøve å nå Nordpolen. Dei nådde så langt nord som til området som fekk namnet Hall land. Der sat dei fast i isen. 8. november døydde den nokså autoriære ekspedisjonsleiaren. Sjølv meinte han at han var forgifta, men ekspedisjonslegen skreiv dødsårsak hjerneslag. I 1968 var grava opne, og då viste det seg at han hadde fått i seg mykje arsenikk dei to siste vekene han levde. Hall fekk rett til slutt!

Tor Fossum er tidlegare politimann. Han tok opp tråden ved å tale om falske tilståingar, inspirert av TV-program om Arnfinn Nesset saka. 

På slutten av 1980-åra var han sjølv med på å etterforske ei sak på Steinkjer. Det brann ei campinghytte der det budde ein flykningefamilie frå Iran. Familiefaren var i harnisk over å vera plassert på Steinkjer, men dei var innlosjerte her enn så lenge. Ei natt vart hytta tent på. Dei berga så vidt. 

I grannehytta budde det ein mann med rusproblem. Han tilsto ganske snart - og mange gonger - at det var han som hadde gjort det fordi han ikkje likte slike folk.

Familien vart flytta til Infanterivegen saman med fleire andre familiar. Ei natt brann det også der. Denne saka var så alvoreleg at det kom spesialister frå Kripos for å etterforske saka. Dei fekk mistanke til den iranske familiefaren for båe brannane, men då var han forsvunnen med familien.

Løysinga kom då husfrua, då frå Tyrkia, kunne fortelja at slik var det. Men hadde det ikkje vorte ein brann til, ville det snart vorte eit justismord. Det er ikkje alltid ein kan stole på tilståingar, historia har mange eksempel på det!

Det vart stigning i programmet då Tor Lånkan tok tak i ein av dei større skurkane i norsk historie, nasjonalhelten kong Sverre. Kongen vart hylla av Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson, der til og med i nasjonalsangen!

Han var sikkert ikkje den fyrste som laug seg fram til makt, og han er definitivt ikkje den siste.

Tor viste mellom anna til den biografien professor emeritus Claus Krag har skrive om kongen: Sverre: «Norges største middelalderkonge». Han laug om opphav og identitet, han dikterte ein stor del av soga om seg sjølv og han forfalska pavebrev. Det gjekk menneskeliv tapt -.

I ettertid veit vi han innleidde i det ei stor tid for landet. Mykje av det som står att frå mellomalderen her i landet er bygt i den tida Sverreætta styrde landet. 

Kor stor vi kan rekne Sverre sjølv for å vera, kan vi reise tvil om, men glup var han. Det må ha gått i arv også etter han.
Med barnebarnet Håkon Håkonson nådde noregsveldet toppe og oldebarnet Magnus Lagabøter sette lovarbeid og samfunnorden i høgsetet. Med kongane i Sverre-ætta vart landet ein moderne europeisk stat. Kanskje vart lenge etter si tid kjeltringen Sverre bidrog positivt for landet.

Tekst: Kolbein Dahle

 
Referat fra møte i Egge Rotary 8. januar 2026

13. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 8. januar 2026

Anne ønsket velkommen og godt nytt år til 24 medlemmer pluss Tove Lånkan.

Referat fra møte i Egge Rotary 18.12.25

12. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 18.12.25

Anne ønsket DG Frede Jakhelln og kona Vivi velkommen til møtet. 21 medlemmer til stede. Det ble servert kaffe og bløtkake.

Referat fra møte i Egge Rotary 11. desember 2025

12. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 11. desember 2025

Presidenten ønsket velkommen til 21 medlemmer.

Besøk hos Steinkjer Bokhandel 4. desember 2025

12. januar 2026

Besøk hos Steinkjer Bokhandel 4. desember 2025

Gjertrud ønsket oss velkommen og sa hun alltid har syntes det er hyggelig med besøk av oss.

RITEK

12. januar 2026

RITEK

Møtet den 27. november 2025 var på Ritek, Rinnleiret, Levanger. Møtet var sammen med Verdal rotaryklubb.

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

2. desember 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

Presidenten ønsket velkommen til 26 medlemmer og kveldens foredragsholder Steinar Krokstad – professor i sosialmedisin.

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

17. november 2025

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

Hans Kvernland:
Bilfabrikantenes tilbakekallinger

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

17. november 2025

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

Ved ankomst på Telthuset ble vi mottatt av styreformann Tor Borgan

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

5. november 2025

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

Peisaften ble gjennomført torsdag 30. oktober.
17 medlemmer var fordelt på de tre vertene Jan Idar Kjøren, Øyvin Bogfjellmo og Kolbein Dahle.

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

29. oktober 2025

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

Anne ønsket velkommen til møte med 20 medlemmer til stede, spesielt kveldens foredragsholder kommuneoverlege Nina Kjenstadbakk-Steinkjer.