Marit Ryan Tanem: Var Eva uskuldig?

Hildegard av Bingen. Ei intellektuell kvinne frå mellomalderen Var Eva uskuldig i syndefallet? Hildegard, 1098 -1179, benediktinerabedisse og ei merkeleg mellomalderkvinne, meinte at så kunne vera tilfellet.Ho trudde kyrkjefedrane hadde gått vel langt der. Slik ho såg det, hadde ikkje samfunnet verdsett kvinna etter forteneste.


Hildegard som formidlar ein visjon til sekretæren sin.

Hildegard let seg ikkje stoppe korkje av at ho var fødd kvinne eller at ho heile livet hadde helseplager. Ho utga bøker, var biletkunstnar og kompinist. Kort sagt, ho var eit menneske som nådde eit unikt intellektuelt nivå, ikkje berre i si tid, men til alle tider.

På Hildegards tid var Europa i ferd med å samlast religiøst og kulturelt. Den kyrkjelege organisasjonen nådde yttergrensene i verdsdelen. Med erkesetet i Nidaros i 1153 kom Noreg endå tettare på Europa. 1100-talet vart den store kyrkjebyggeperioden, midt i ei borgarkrigstid fekk vi også dei fyrste klostera her til lands.

Hildegard fekk skulestart som 7 - 8 åring og gikk i kloster i 1112, læraren var den 4 - 5 år eldre Jutta von Sponheim, klosteret var Disibodenberg. I 1136 vart ho leiar, abedisse, der. Det var eit godt utgangspunkt for å grunnlegge eit nytt kloster, Rupertsberg ved Bingen i 1150.

Hildegard hadde gått i kloster tidleg, mange gjorde det, men til nonneklostera kom det også ein heil del enker, mange med formue. Det var med på å gjera klostera rike og legge grunnen både for byggearbeid og intellektuell verksemd. 

Hildegard fekk godkjent 26 visjonar som ho omsette i bilete, bøker, sang og musikk. Alt ho gjorde var prega av djup symbolikk. Det var sterke fargar både i bilete og kostymat i syngespel. I framføringane av tekst og musikk var Hildegard ein stor pedagog.

Korrespondansen hennar med paven, keisar Fredrik av Barbarossa og St. Bernard finst framleis.

Hildegard var ei spesiell kvinne for si tid, men også ein del av samtida. Det var samsvar mellom teologi og medisin. Dei elementa alt var bygd opp av, var den gongen jord, eld, luft kog vatn. Ho prisa skaparverket og tok avstand frå magi og spådomskunst. Det kan forundre at ho som nonne og ugift, skreiv mykje og positivt om sex og at også kvinna hadde sex-lyst. 

Namnet til Hildegard vart seinare i livet hennar, knytt til eit tredje koster, klosteret i Eibingen. Medan klosteret i Rupersberg vart øydelagt av svenskane under 30-årskrigen, finst dette framleis.


Klosteret Rupersberg før svenskane øydela det.

Det er noko allmennkvinneleg eller jamvel allmennmenneskeleg ved Hildegard, Det kjem endå betre til syne gjennom tidsavstanden. Gjennom det ho let etter seg ser vi at mellomalderen nok ikkje var så mørk som etter tida framstilte han.

I vår nøkterne tid kan ein medisinar ane samanheng mellom visjonane og sjukdomen, kanskje lei Hildegard av migrene?

Korleis foredraget starta, fekk eg ikkje med meg. I forsøk på både å få med meg foredraget til Lisa Rye i Steinkjer seniorforum og her, kom eg for seint. Eg registrerte at frammøtet på Tingvold var uvanleg tynt. Dette hadde nok vorte eit dilemma for mange.

Kanskje kunne det vore ein ide å utsette møtet med ein halvtime dei torsdagane det er møte i seniorforum?

Tekst: Kolbein Dahle

 
Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

2. desember 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

Presidenten ønsket velkommen til 26 medlemmer og kveldens foredragsholder Steinar Krokstad – professor i sosialmedisin.

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

17. november 2025

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

Hans Kvernland:
Bilfabrikantenes tilbakekallinger

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

17. november 2025

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

Ved ankomst på Telthuset ble vi mottatt av styreformann Tor Borgan

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

5. november 2025

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

Peisaften ble gjennomført torsdag 30. oktober.
17 medlemmer var fordelt på de tre vertene Jan Idar Kjøren, Øyvin Bogfjellmo og Kolbein Dahle.

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

29. oktober 2025

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

Anne ønsket velkommen til møte med 20 medlemmer til stede, spesielt kveldens foredragsholder kommuneoverlege Nina Kjenstadbakk-Steinkjer.

Referat fra møte i Rotary 16.10.25

29. oktober 2025

Referat fra møte i Rotary 16.10.25

Anne ønsket velkommen til møte med 21 medlemmer til stede.

Referat fra møte i Egge Rotary 9.10.25

14. oktober 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 9.10.25

Anne ønsket velkommen til møtet med 21 medlemmer til stede.

Bedriftsbesøk hos Hoff Sundnes Brenneri 2.10.25

14. oktober 2025

Bedriftsbesøk hos Hoff Sundnes Brenneri 2.10.25

Vi var 12 rotaryanere som ble mottatt av Bjørn Furuhaug og Tove Fjørtoft kl. 12.

Referat fra møte i Egge Rotary 25.09.25

30. september 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 25.09.25

Presidenten ønsket velkommen til 21 medlemmer og kveldens foredragsholder.
Ingvar og Yngvar har navnedag og elgjakta startet i dag.

Referat fra møte i Egge Rotary 18.09.25

24. september 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 18.09.25

Innkommende president Jan Idar Kjøren ønsket velkommen til 18 medlemmer.
Han nevnte noen historiske hendinger på denne dato, bl.a. ble Dovrebanen åpnet i 1921.