Julemøte 19. desember

Vi har sagt «god jul!» til kvarandre og kome heim for å ta del i dei siste førebuingane og feiringa saman med våre.

Samankoma på dette siste møtet i desember fylgde det vanlege mønsteret, men alltid med spanande innslag og forteljingar. I år hadde Odd Jørgen Rye funne fram eit gamalt brev og ei gamal historie frå Byneset. I dette perspektivet ser vi at gamledagane heller ikkje var utan utfordringar. Tæringen herja blant ungdomar og straffene var harde for tjuveri. 

Eg kan utan vidare slå fast at historiene ikkje er einestående, kanskje heller ganske typiske og representative.

Presidenten, Asbjørn Helland, deklamerte Johan Sebastian Welhavens «Åsgårdsreien» utanåt. Det imponerte alle.

Diktet er temmeleg dramatisk og handlar om eit blodig bryllaup - også i dette tilfellet frå 1800-talet. Eg sit med ei anna oppleving knytt til dette diktverket, men eg ville ikkje bryte inn med det på møtet. Stuttversjonen er slik: Ein dag hausten 1970 kom ein kar inn på kontoret mitt på Valdres Folkemuseum og spurde om eg visste kor bryllaupet som Welhaven skreiv om hende? Kanskje hadde eg hørt om det, men eg laut svare at det visste eg ikkje. Han kunne fortelja at dette hende på garden hans, Dale i Vestringsbygda, ei grend i Nord Aurdal. Men det var ikkje hovudsaka, han åtte den stogo der bryllaupet sto, men no ville han gje huset på museet. Eg var berre vikar for styraren på museet den hausten og skulle ta til i anna stilling på nyåret. Men eg vart med og såg på huset og sende saka over til styret. 

Då Welhaven skreiv diktet i 1844 bygde han på ei segn eller forteljing Andreas Faye hadde med i boka «Norske Folkesagn» i 1833, og som handla om bryllaupet på Dale. Bryllaupet sto 6. desember i 1823. Inntrengarar kom for å ta bror til brudgomen. Det gjekk slik det står i diktet, to av inntrengarane miste livet.

Då eg kom attende på museet i 1974 var huset kome til museet.


Stogo frå Dale

Tekst og foto: Kolbein Dahle


 
Referat fra møte i Egge Rotary 8. januar 2026

13. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 8. januar 2026

Anne ønsket velkommen og godt nytt år til 24 medlemmer pluss Tove Lånkan.

Referat fra møte i Egge Rotary 18.12.25

12. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 18.12.25

Anne ønsket DG Frede Jakhelln og kona Vivi velkommen til møtet. 21 medlemmer til stede. Det ble servert kaffe og bløtkake.

Referat fra møte i Egge Rotary 11. desember 2025

12. januar 2026

Referat fra møte i Egge Rotary 11. desember 2025

Presidenten ønsket velkommen til 21 medlemmer.

Besøk hos Steinkjer Bokhandel 4. desember 2025

12. januar 2026

Besøk hos Steinkjer Bokhandel 4. desember 2025

Gjertrud ønsket oss velkommen og sa hun alltid har syntes det er hyggelig med besøk av oss.

RITEK

12. januar 2026

RITEK

Møtet den 27. november 2025 var på Ritek, Rinnleiret, Levanger. Møtet var sammen med Verdal rotaryklubb.

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

2. desember 2025

Referat fra møte i Egge Rotary 20.11.25

Presidenten ønsket velkommen til 26 medlemmer og kveldens foredragsholder Steinar Krokstad – professor i sosialmedisin.

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

17. november 2025

Egge Rotaryklubb 13.11.2025

Hans Kvernland:
Bilfabrikantenes tilbakekallinger

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

17. november 2025

Referat fra besøk på Telthuset 06.11.25

Ved ankomst på Telthuset ble vi mottatt av styreformann Tor Borgan

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

5. november 2025

EGGE ROTARY, Peisaften 30. oktober 2025

Peisaften ble gjennomført torsdag 30. oktober.
17 medlemmer var fordelt på de tre vertene Jan Idar Kjøren, Øyvin Bogfjellmo og Kolbein Dahle.

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

29. oktober 2025

Referat fra møte i Rotary 23.10.25

Anne ønsket velkommen til møte med 20 medlemmer til stede, spesielt kveldens foredragsholder kommuneoverlege Nina Kjenstadbakk-Steinkjer.