Sparbu Teaterlag har denne hausten suksess med «Rock of Ages». Det er ikkje akkurat nokon bygdenorsk tittel, men likevel bygdeteater på sitt beste. Framfor alt viser det kor langt amatørar i eit
bygdesamfunn kan drive det. Det gir seg ikkje sjølv, gjennom hundre år, ja,
endå lenger, er det skapt eit teatermiljø i Sparbu. Teaterlaget i Sparbu har
fostra fleire dugande skodespelarar og eit unikt teatermiljø.
Andreas Melgård og Lars Daling
Utan inspirasjon og instruksjon utanfrå og frå
professjonelle instruktørar, hadde dei nok ikkje nådd dette nivået. Kunst er
talent, men det er også kompetanse og kontakt utover i verda. Det er desse
ingrediensane som har skapt teatermiljøet i Sparbu, i mange tilfelle også i
kappestrid med liknande akitvitet i Verdal. I denne konkurransen kan vi finne
noko av forklaringa på kvifor det er så bra.
Amatørteater var ein viktig del av den kulturrevolusjonen
som var ein del av nasjonsbygging på slutten av 1800-talet. Aktiviteten vart
oftast organisert gjennom ungdomslaga som vart tilknytte Noregs Ungdomslag då
det vart skipa i 1896. Gjennom eit par generasjonar var «alle» med i
ungdomslaget. Det var også nært slektskap til dei frylynte folkehøgskulane og
målreisinga, gjerne også til partiet Venstre. Alt saman med bygdaprofil.
Lokalt kom spellaget Andrimer i 1898 i ungdomslaget som hadde eksistert
sidan 1878. Det nynorske språket var i desse åra viktig for aktiviteten.
Røtene til Sparbu teaterlag låg i ungdomslagsrørsla.
Omkring det førre hundreårsskiftet var det fleire ungdomslag i bygda og alle
dreiv med amatørteater som ein del av aktiviteten, td. Bagabu. Det ungdomslaga
elles satsa tungt på var bygginga av ungdomshus, forsamlingshus for mange
aktivitetar, ikkje minst teater, dans og musikk.
I 1906 kom jarnbanen forbi Sparbu. Rundt stasjonane voks
det fram meir urbantemiljø.
Samfunnet endra seg. Med jernbanen voks det fram to
stasjonsbyar i kommunen, Sparbu og Mære. Dei fekk kvar sine miljø og kvar sine
forsamlingshus som ungdomslaga sto for.
Det mangla ikkje på oppsettingar og også tillaup til
turneteater i åra framover, men likevel kunne det opplevast som ein stagnasjon,
kanskje var det heller ikkje muleg å halde akitviteten på eit godt nok nivå
både i Sparbu og Mære, dette er ikkje staden for detaljar.
Det store skiljet kom med skipinga av eit nytt teaterlag i
1921 med Hans Ystgård som formann.
Frå 1922 satsa laget på professjonell instruktør og
vanskelegare stykke. Den første instruktøren var Tora Krogh og stykket Sigurd
Braa, eit skodespel i 4 akter av Johan Bojer.
Utover i mellomkrigsitda kom det mange solide
framsyningar, mellom anna «En fallit» av Bjørnstjerne Bjørnson i1932 og to år
seinare «Solfrid i Bjørnstu og de 7 svende». Dette populære stykket var skrive
av Johan Falkberget og sett opp i Sparbu av dottera hans, Åsta.
Ei anna tidskille kom i 1945, så debuterte Andreas
Hjermstad. I åra framover var det fast premiæredag tredje dag jul. Det var også
stor turneaktivitet. Laget prøvde seg på stadig meir krevande stykke,
«Spelemann på taket» er eit av dei fremste eksempel på dette.
Nei, her er ikkje rom for å få med alt Lars Daling og
Andreas Melgård kunne rase gjennom på ein knapp time. Til all lykke har Embla
Forlag gjeve ut bok om laget. Der står resten av historia.
Tekst og foto: Kolbein Dahle