PSYKISK HELSE I EIT MODERNE PERSPEKTIV

Førsteamanuensis v/ NTNU Tormod Rimehaug

Som eldre mann, har du opplevd at kona di blir meir og meir sjef? Du treng ikkje søkje hjelp hjå psykiater. Det er ei naturleg utvikling og har samanheng med hormonutviklinga gjennom livet.


Førsteamanuensis v/ NTNU Tormod Rimehaug

Korleis det står til med den psykiske helsa vår? Vi fekk inga diagnose på det siste Rotarymøtet, men vi fekk påfyll av kunnskap om temaet psykologisk helse på samfunnsnivå, men litt også på individnivå.

Foredragshaldaren er leiar for eit regionalt fagsenter for psykisk helse og underviser medisinstudentar på NTNU. Han presenterte ein krevande meny for oss denne kvelden, og med hovudvekt på aldersgruppa 40 - 100. Vi finn oss att der alle saman. Det var også opning for spørsmål og kommentarar.

Vi starte med ei bildeframstilling av ein system-modell frå genetikk til kultur. Med denne illustrasjonen fekk vi ei nokolunde forståeleg innføring i kva det dreier seg om. Som med resten av helsa, handlar det om genetikk og kultur, eller arv og miljø. 

Det er viktig å få meir kunnskap om helseutviklinga på dette området. Den psykiske helsa er like viktig som den somatiske helsa. Ser vi på utviklinga i yngre årsklasser, er det auke i registreringa av symptom, meir for jenter enn gutar. Det er viktig å følgje med i kva dette botnar i.

Alle blir utsett for motgang gjennom livet. Det treng ikkje føre feil i veg, tvert imot. I møtet med nye utfordringar styrkar vi oss. Vi har også innbygde krefter til å overvinne vanskane - eit psykisk immunforsvar?

Derifrå fekk vi ei innføring i resilience-perspektivet - korleis ein klarer seg etterpå. Kva er avgjerande for å reise seg etter ei påkjenning? Kven som kjem over problema sjølv og kven er det som treng hjelp? 

Ein informasjon vi kan ta med oss, er at i dei aller fleste tilfelle kan ein kome seg etter ei ekstrem påkjenning ved eige hjelp og støtte frå eit trygt miljø kring seg.

Vi blir stadig mint om kor viktig det er å vera fysisk aktiv for å ta vare på helsa på eldre dagar. Det er ikkje mindre viktig å trene hjernen. Det gjer vi ved å ta utfordringar og prøve noko nytt. Det er ingen grunn til at ein ikkje skal prøve å følgje med på den digitale utviklinga eller lære noko anna nytt, kva med eit framandspråk?

Tekst og foto: Kolbein Dahle

 
Egge Rotary , Møte 11.april 2024

25. april 2024

Egge Rotary , Møte 11.april 2024

Presidenten ønskte velkommen og spesielt en gjest som hadde hatt et godt samarbeid med John Tuset .

Egge Rotary , Møte 4.april 2024

25. april 2024

Egge Rotary , Møte 4.april 2024

Presidenten ønskte velkommen og ga en kort orientering fra felles møte for presidentene i lagene i region.

Egge Rotary , Møte 21. mars 2024

3. april 2024

Egge Rotary , Møte 21. mars 2024

Ved presidentens fravær var det påtroppende, Torodd Østerås som ønskte velkommen og spesielt Gjermund Bahr og Steffen Adler fra NIBIO.

Årsfest Egge Rotarklubb

3. april 2024

Årsfest Egge Rotarklubb

Referat fra årsfesten i Egge Rotaryklubb 14. mars 2024 i vårt vanlige møtelokale på Egge Museum

Egge Rotary, 07.mars 2024

13. mars 2024

Egge Rotary, 07.mars 2024

Besøk på Tinghuset Steinkjer.
Informasjon og omvisning ved tingrettsdommer Nina Bratberg.

Egge Rotary , Møte 29. februar 2024

13. mars 2024

Egge Rotary , Møte 29. februar 2024

Presidenten ønsket velkommen og spesielt fire ungdommer, to søstre fra Kurdistan (Syria) og to gutter fra Eritrea.

Egge Rotary , Møte 22. februar 2024

7. mars 2024

Egge Rotary , Møte 22. februar 2024

Presidenten ønsket velkommen og spesielt Ole Tronstad som skulle fortelle oss om status Trøndelag fylkeskommune.

Egge Rotary , Møte 15. februar 2024

7. mars 2024

Egge Rotary , Møte 15. februar 2024

Presidenten ønsket velkommen og spesielt Magne Foosnæs som skulle fortelle oss om og ha pendlet med Trønderbanen i 21 år.
Først fikk Øystein Moholt ordet som medlem i festkomiteen. Årsfesten blir 14. mars kl.18.00 på Egge Museum.

Egge Rotary , Møte 08. februar 2024

16. februar 2024

Egge Rotary , Møte 08. februar 2024

Presidenten ønskte velkommen og spesielt Jon Arne Hollekim som skulle informere om Røra Industripark.

Egge Rotary , Møte 01. februar 2024

16. februar 2024

Egge Rotary , Møte 01. februar 2024

Presidenten ønskte velkommen og spesielt Trond Gjerdi som skulle informere om Kulturminner.