Referat fra møte i Egge Rotary 26.2.26
Vi kunne gjerne døypt om dei «programfrie møta» til «møte med fritt program». Vi har prøvd å samle opp skuldige 3-minuttar på desse møta, men det gikk aldri bra, ingen held taletida!
Dette møtet var eit fint eksempel på eit møte med fritt program. Dei utvalde kom med tema dei brann for og hadde lyst til å formidle vidare.
Knut Skogan
NM PÅ SKI 2026
Knut Skogan starte show’et med å minne oss om at prosjektgruppa ikkje hadde gløymt den delen av verksemda i klubben. Det blir etter alt å døme både dugnad i byen og ved Svarttjønna.
Og medan han var på Byafjellet, gledde han seg til å fortelja om årets vellykka NM på ski.
I fjor haust var det ikkje berre han, men heile byen som såg fram til eit nytt NM på ski etter 15 år. Det har vore planlagt og arbeidd med i eit par år. Det er rydda skog og lagt om løyper slik at media og publikum også skulle få større glede av landskapet rundt. Kommuneskogane gjorde sitt for å opne opp, resten tok januarstormen seg av. NRK var rosande.
Det store klubbhuset er oppussa og Grande har spandert 4 brakker. Det vart fornyingar som kom til nytte. Alt dette gjorde det arbeidet enklare både for media og arrangørane.
Ein dag like oppunder jul i 2025 sat komitéen i dei nye brakkene og såg utover stadion, det var parkgrønt med flekkar av prima skøyeis innimellom. Om dei bad eller banna, er uvisst, men ingen hadde lyst til å gi opp.
Heilt på tampen kom snøen og vinterveret. Då vart det travelt med å få opp telt og lagt ut kablar.
Tevlingane starta med fint ver og gnistrande føre den 15. januar. Dei store jentene og gutane kom ikkje, dei låg i Alpane og budde seg på skirenn i Italia. Det kom mange deltakarar og ei ny strjerne dukka opp lokalt. Einar Hedegart fekk for alvor vist seg fram, og han kom ikkje bort i Italia heller!
Dei siste par dagane gikk det så varmt for seg at føret endra seg og det laut lappast litt i løypene, men det var det ingen som merka. Viktig var det også at alle stafettlaga fekk lov til å fullføre.
Eit nytt og morosamt tiltak var leikeområdet for barn i skiskytararenaen. Her var det ymse aktivitetar, mellom anna baking av pinnebrød - om lag 90 kg til saman. Minst 450 ungar hadde det morosamt der.
Etterpå er alle samde om at det var eit vellykka NM. Det økomomiske resultatet er ikkje klart, men det er ganske sikkert at det blir grøne tal.
Leif Birger Mollan
TRIMTRAPPER
For omtrent tre tiår sidan hørde eg om at kineserane bygde trapper opp på fjelltoppar. Narraktig, det var i alle fall ikkje noko for fjellfolket her i landet.
No er dei også her!
Leif Birger har sett seg godt inn i temaet og prøvd både tre- og steintrapper. Sume er bygde for å spare terrenget i bratt lende, andre som reine trimarenaer. Og dei er ganske effektive. Her går det fint å prøve det ut i Oftenåsen, ei av dei to i Steinkjer. Gå terrenget opp til trappa, kontroller pulsen, kjapp deg opp trappa og skjekk på nytt!
Det imponerande med dagens innlegg var detaljkunnskapen om kvar og ei av dei svært mange trappene omkring i nesten heile landet frå Rogaland i sør til Tromsø i nord.
Den lengste med 7000 trinn er i Mosjøen. Denne er bygd i stein og er utan rekkverk. Leif Birger er meir glad i trapper av tre, der er den lengste er på Vega.
Turen kan også kombinerast med andre opplevingar som i Bessaker der det er ein tidlegare tysk bunker på toppen.
Han kjenner ein del av toppane også frå arbeidslivet og den gongen kunne turen gå både til fots, med sjøfly og helikopter. No kan kven som helst nå toppar trimmande i trapp.
Asbjørn Kvernland
THULE
Her har vi ein av klubbkameratane som stadig kan overraske oss med kor han har vore i verda. I kveld tok han oss med til den amerikanske basen Thule på Grønland. Om det er ei stund sidan han var der og opplevde staden og reisa til og frå, råka han eit tidsaktuelt tema.
I tida med den kalde krigen - og etter at amerikanarane hadde kontrollert Grønland under krigen og halde tyskarane derifrå, prøvd å få kjøpe landet for 100.000 $ i 1946, men fekk avslag og fann seg i å gje det tilbake til Danmark; bygde dei mellom anna denne basen på den islagde øya.
Og basen var ikkje ein teltleir med hundespann. Her var solide bygningar fundamenterte ned i ein isolert permafrost. Ja, det vart til og med bygd ein liten «baseby» inne i breen. No viste det seg at det var ikkje liketil å ha ein «by» der for brear er ikkje berg. Dei flyt sakte mot havet og det som er inni breen er ikkje trygt.
På 1960-talet var dette ein viktig stad som i tillegg til militære formål også var til nytte for dei nordlegaste flyrutene frå Europa til Amerika og Japan.
Den gongen var situasjonen mellom Sovjetunionen og USA såpass spent at USA til kvar tid hadde minst eit B52 bombefly i lufta over Grønland. Dei hadde til og med atombomber ombord.
Det var ikkje å spøke med den gongen eit av desse flya styrta med atombombene sine. Det vart ingen atomeksplosjon, men radioaktive lekkasjer. Av dei 7 ombord overlevde 6.
Medan den amerikanske presidenten hevdar tryggleiken på Grønland er truga av russarar og kineserar og berre sikra av danskar med hundespann og hagle, disponerar USA stadig Thulebasen. Men dei greier seg i dag med ein relativt liten styrke på vakt, sjølvsagt støtta av avansert overvakingsutstyr. Og Thule ligg stadig sentralt midt mellom Russland og USA.
Referent
Kolbein Dahle
19. april 2023
Eldre, teknologi og helse
Den 13. april gjestet prosjektleder for velferdsteknologi i Pensjonistforbundet, Anne-Kari Minsaas, Egge Rotary.
19. april 2023
Guvernørbesøk
Trygve Roaldset fra Surnadal er årets guvernør i distrikt 2275. Den 23.3.23 var han på besøk i Egge rotaryklubb.
Et bildet fra heimbygda var en fin introduksjon til noen av de utfordringene vi har både lokalt og globalt.
24. mars 2023
Krig i Europa – utfordring for Norge
Forvarsminister Bjørn Arild Gram
Gram orienterte engasjert og med innlevelse om den dagsaktuelle situasjonen i Europa etter Russland sitt angrep på Ukraina i februar 2022:
7. mars 2023
Bedriftsbesøk hos Felleskjøpet
Den 23. februar var vi på besøk hos Felleskjøpet på Steinkjer. Organisasjonssjef Kristin Wibe og fabrikksjef Arild Thomassen tok vel imot oss og serverte kaffe og vafler.
30. januar 2023
Norge i krig
«Ønsker du fred, må du bu deg på krig – holde deg med et nasjonalt forsvar!»
30. januar 2023
Strømkrisa
Konserndirektør i NTE, Christian Stav, gjestet Egge Rotary den 19. januar. Han delte historien til NTE inn i fire faser.
12. januar 2023
Steinkjer Bokhandel v/ Gjertrud Holand
Tradisjonen tro inviterte Gjertrud Holand Rotarymedlemmer med partnere til en gjennomgang av årets bøker, med mulighet for en handel etterpå.
8. desember 2022
NYE VEIER -STRATEGIER FOR INNHERRED
Prosjektutviklingssjef Arild Mathisen, med røtter fra Jådåren, tok oss med gjennom den relativt korte historien til Nye Veier.
8. desember 2022
Nytt medlem i klubben
I starten av møtet den 1. desember ble Øyvin Bogfjellmo opptatt som medlem og fikk Rotarynålen av president Jens Børøsund. Velkommen i klubben!
30. november 2022
NORSKAMERIKANEREN
Vi har fått en norskamerikaner i klubben!
Gjennom snart tohundre år har det stått en spesiell glans av landsmenn med lang tid i Amerika. Kanskje ikke på grunn av gulltenne og dollarbunkene, men på grunn av andre erfaringer.