DUGNADEN

Klubben vil gjera litt samfunnsnytte. Sjølvsagt går det pengar til «Polip Pluss» og andre gode tiltak, men det er noko anna med dugnadar, særleg når det kjennest i armar og rygg. Dette må vera eit godt eksempel på protestantisk etikk, eg sender salig Weber nokre gode tankar.



Sigridstigen sto på programmet. Gapahuken er ferdig, her er ei anna oppgåve som kanskje ikkje syner like mykje, men der poenget er å legge til rette for at fleire kan få sjå utover byen og fjorden. 

Klubben har to Asbjørnar som står i ei særstilling her. Den eine kan handtere motorsag og har hjelm og verneutstyr, den andre er ein klyppar med høvel, hamar, spikar og øks. 

Vi andre hadde ein gong i tida litt arms styrke, og deler ein nok på vekta, kan vi framleis skryta av innsatsen. Yr varsla perfekt vér. Litt kjølegare enn i sumar, og ei lita regnskur i sirkulasjon over distriktet, men sjansane for at ho skulle treffe oss var som vinnarsjansane i lotto.

Asbjørn rydda kratt slik at byen kom fram att som eit Torneroseslått i klungeren. Asbjørn spikra saman krakkar slik at vi kunne nyte utsikta så snart dei tunge materialane var på plass. Då skulle vi også kose oss med kaffien i solhellinga. Fortent løn for strevet.
Som vi sette oss på krakken, skjedde det. Regnskura kom over Byafjellet og slo seg ned saman med oss. Ein avkjølande vind kom og frysetørke sveitten. 

Pessimistane hadde med ekstra jakke, optimistane sa med hakkande tenner at det hadde vore ein vidunderleg dag! 
Egge Rotaryklubb skal halde fram med prosjektet neste år - i godvér.

Tekst og foto: Kolbein Dahle

 
MED BLÅLYS -  POLITI OG AMBULANSE

23. april 2019

MED BLÅLYS - POLITI OG AMBULANSE

På to møter i vinter har vi hatt møte med blålysetatane.

Anders Bardal: Drømmen om å bli best.

1. april 2019

Anders Bardal: Drømmen om å bli best.

Forteljinga var om småguten som ville bli den beste skihopparen i verda - og det starta så tidleg at han knapt kunne hugse når.

Skogastu - Bjørn Lunds minnne omtalt i Rotary Norden 19/2

21. februar 2019

Skogastu - Bjørn Lunds minnne omtalt i Rotary Norden 19/2

Egge Rotaryklubb sitt prosjekt Skogastu - Bjørn Lunds minne omtales over en helside i siste utgave av Rotary Norden.

TOMTEFESTELOVA

18. februar 2019

TOMTEFESTELOVA

På møtet i Egge Rotaryklubb den 7. februar orienterte Tor Backer om Tomtefestelova.

Loven kom i 1945, den er endret ofte, den gjeldende loven er fra 1996, den trådte i kraft med full virkning i 2002.

Nettselskapets framtidige rolle i energisystemet

15. februar 2019

Nettselskapets framtidige rolle i energisystemet

Det kjennes ikkje så lenge sidan vi hadde direktør Trygve Kvernland var i klubben for å tale om same emnet, men innhaldsmessig kan det kjennast som eit hundreår. Den gongen var det mykje tale om stolpar og trådar.

Den nye kulturetaten - ett år

7. februar 2019

Den nye kulturetaten - ett år

Kulturetat i Steinkjer er gjenoppretta som egen etat der kultursjefen deltar i kommunens ledergruppe.

Armfeldts felttog

7. februar 2019

Armfeldts felttog

En av klubbens medlemmer, Øystein Moholt ga oss en grundig innføring i general Armfeldts felttog i Trøndelag i 1718. Arméen, Karolinerne, besto av blant annet 10 000 mann, 7000 hester og 2500 levende slaktedyr. De rykket inn i Trøndelag gjennom Verdal.

Morten Stene: By Bruk

12. desember 2018

Morten Stene: By Bruk

Har du dei tre tinga «råvare», «energi» og «arbeidskraft» har du grunnlaget for å skapa ein produksjon. Framleis manglar det tre vesentlege ting, «teknologi», «transport» og «marknad», og då treng du berre tre ting til: «ide», «kapital» og «mot».