NYHETER / NYHETSDETALJER

Gjertrud Holand: Bokhausten 2019

Ein kveld i adventtida kvart år er klubben invitert til å ha møte i Steinkjer Bokhandel. I år vil sume kanskje også finne vegen til bokhandelen laurdag den 7. Då er det 80 år sidan Sigbjørn Hougen opna døra til Steinkjer Bokhandel fyrste gongen.
Gjertrud Holand i Steinkjer Bokhandel

Bøker er dei beste julegåvene, slik heiter det. Eg trur ikkje det gjeld alle bøker, difor er det godt å få tips frå den som steller med bøker på heiltid og vel så det. Gjertrud kan neppe få tid til mykje anna enn å lesa nye bøker haustkveldane. 

Innføringa startar alltid med barnebøker, og med hennar sans for krim, kjem bøkene Kråkeslottet barnehage alltid godt ut. I år handlar boka om Luciakrona som forsvant. Ein annan favoritt er Bjørnis, denne gongen på brannstasjonen.

Også ungdomsbøker kan ha ein snert av krim, såleis Samuel Bjørk: Det forsvunne perlekjedet. Det hender litt av kvart når ungane startar Torshov detektivklubb!

Den lokale bokhausten merkar vi ikkje alltid like mykje til i media, men kvart år er det mykje lokalt og regionalt å glede seg over, ikkje berre Marvin Wiseth og Bjarne Håkon Hansens bøker om Trønderen. Motsatsen til dette kan vera Hans Magnus Ystgaards bok: Den tause sønnen. Ei engasjerande forteljing om å ha eit barn som ikkje er som andre.

Nokon av oss har prøvd å få grundigare kjennskap til Hans Barlien. Denne merkelege mannen frå Namdalen og Namdalseid frå tidleg på 1800-talet. Industrigrunnleggar, gjestgjevar, politikar, mellom anna på Stortinget, og til sist ein av dei tidlege emigrantane til Amerika. Arnt Erik Selliaas og Carl Ivar Storøy har laga ein eineståande biografi om den forunderlege mannen.

Frå 2020 får Steinkjer nytt kommunevåpen der jekta blir motivet. Kva kan passe betre enn at det er kome ei flott bok om temaet i år: Jekta av Bjørn Tore Pettersen. Han er nordlending og dette har prega boka, men han har også med resten av jektkysten der Trøndelag låg sentralt til. «Pauline», den einaste seilande gamle jekta, er med saman med den nybygde nordlandsjekta «Brødrene». «Anna Karoline» som no får nytt hus i Bodø, ein hovudperson i boka, kom også frå Trøndelag. Ein gong skal eg sjå etter om dette er nemnt.
Ei av dei bøkene som har fått mykje omtale er Hans Olav Lahlums biografi om Reiulf Steen, fyrst og fremst på grunn av spørsmålet om eit romantisk forhold mellom Gro og han. Ei så tjukk bok må handle om noko anna også, og det interesserer meg meir.

Mellom sjangeren fagprosa og romaner er det kome mange bøker eg nemner Roy Jacobsen har saman med Annelise Pitz kome med dokumentarromanen Mannen som elsket Sibir. 

Andre romanar og krim fekk også brei omtale og det er mykje å velja i.

Det er alt nemnt at Steinkjer Bokhandel no i desember feirar at det er 80-år sidan Sigbjørn Hougen starta forretninga. Etter bombinga 21. april 1940 vart det stopp nokre veker, men på haustparten same året opna bokhandelen att.

Egge Rotaryklubb gratulerar med jubileet!

Tekst og foto: Kolbein Dahle

 
Internasjonalt i Egge RK

13. mai 2019

Internasjonalt i Egge RK

Rotary er en internasjonal organisasjon. Dette bør også komme fram i møteprogrammet. To møter i vår har hatt aktuelt internasjonalt innhold. Rotary er engasjert både i hjelpeprosjekt og fredsprosjekt.

MED BLÅLYS -  POLITI OG AMBULANSE

23. april 2019

MED BLÅLYS - POLITI OG AMBULANSE

På to møter i vinter har vi hatt møte med blålysetatane.

Anders Bardal: Drømmen om å bli best.

1. april 2019

Anders Bardal: Drømmen om å bli best.

Forteljinga var om småguten som ville bli den beste skihopparen i verda - og det starta så tidleg at han knapt kunne hugse når.

Skogastu - Bjørn Lunds minnne omtalt i Rotary Norden 19/2

21. februar 2019

Skogastu - Bjørn Lunds minnne omtalt i Rotary Norden 19/2

Egge Rotaryklubb sitt prosjekt Skogastu - Bjørn Lunds minne omtales over en helside i siste utgave av Rotary Norden.

TOMTEFESTELOVA

18. februar 2019

TOMTEFESTELOVA

På møtet i Egge Rotaryklubb den 7. februar orienterte Tor Backer om Tomtefestelova.

Loven kom i 1945, den er endret ofte, den gjeldende loven er fra 1996, den trådte i kraft med full virkning i 2002.

Nettselskapets framtidige rolle i energisystemet

15. februar 2019

Nettselskapets framtidige rolle i energisystemet

Det kjennes ikkje så lenge sidan vi hadde direktør Trygve Kvernland var i klubben for å tale om same emnet, men innhaldsmessig kan det kjennast som eit hundreår. Den gongen var det mykje tale om stolpar og trådar.

Den nye kulturetaten - ett år

7. februar 2019

Den nye kulturetaten - ett år

Kulturetat i Steinkjer er gjenoppretta som egen etat der kultursjefen deltar i kommunens ledergruppe.

Armfeldts felttog

7. februar 2019

Armfeldts felttog

En av klubbens medlemmer, Øystein Moholt ga oss en grundig innføring i general Armfeldts felttog i Trøndelag i 1718. Arméen, Karolinerne, besto av blant annet 10 000 mann, 7000 hester og 2500 levende slaktedyr. De rykket inn i Trøndelag gjennom Verdal.

Morten Stene: By Bruk

12. desember 2018

Morten Stene: By Bruk

Har du dei tre tinga «råvare», «energi» og «arbeidskraft» har du grunnlaget for å skapa ein produksjon. Framleis manglar det tre vesentlege ting, «teknologi», «transport» og «marknad», og då treng du berre tre ting til: «ide», «kapital» og «mot».


Møteinformasjon

Møtested: Egge museum
Adresse: Egge allé 70
Postnummer: 7725
Sted: Steinkjer
Land: NO
Møtedag: Torsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no



Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

NYTT FRA DISTRIKTET

Loading RSS...